Gammalt og nytt.
I dag har vi vore på shopping. dvs. at vi har kjøpt litt anna enn mat.
Først var vi inn på Gjenbruk, ein butikk som ligg i svingen ovafor kyrkja. Det er misjonen som driv butikken, og der kan ein finne nesten alt mulig:lampar, tallerkar, klede, messing,bøker, filmar ......you name it.
Folk kan levere inn ting dei ikkje treng, men får ikkje betalt. Dei sel varene ut til rimelige prisar og alt går til misjonen, så ein gjer i grunnen ei god gjerning når ein handlar der ! Vi brukar å gå innom av og til, og så kjøper eg litt dill-dall for skams skuld. Eg kjøper ofte noko i glas, så også i dag. Har ei spesiell forkjærligheit for farga glas. Det er ikkje verdifullt på nokon måte. Var også på utkik etter sjarmerande te-boksar til minstejenta, så no får vi sjå om ho likar desse.
Sist eg var i lag med veninnene mine, skrytte ei av dei av ein støvsugar ho hadde kjøpt. Ho har også visse problem med bøy og tøy slik som eg. Det var ein slik ministøvsuger med langt skaft, men litt meir avansert enn dei eg har hatt . Denne er sjølvsagt også oppladbar, men kraftigare enn den vesle eg har frå før, og så er der LYS på den. No kan eg halde smular etc. vekke utan å ta fram storesugaren, og utan å bøye ryggen.
Så til sist vil eg vise fram eit par ting frå "Epla-butikken" til Strikkemor(o). Dette er ting eg har fått i presang. "Veska" er eigentlig ei brødkorg, men kan brukast til det ein sjølv finn ut. Og klutane er fine og passar i fargane til kjøkkenet vårt.
Alt er sjølvsagt handarbeid.

