torsdag, august 26, 2010

Vermelding 26.august 2010

Klokka er no 16.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya og litt regn av og til.
I dag har den første solsikka sprotte ut. Naboane trur oss ikkje når vi seier at det er fuglane som har sådd frøa, men det er altså sant.Nils har fyrt litt i omnen for å gjere det trivelig inne no når vi skal slappe av.

I dag har det vore ein lapredag. Eg skulle til frisør 11.30 og etterpå skulle vi handle mat etc.
Etter at vi var ferdige på Amfi gikk vi opp i gågata for å sjå litt på dei få butikkane som er att. Vi var inne på den nye interiørbutikken som har ein for oss ny stil. Eg vil kalle den "Fransk, landsens stil med rot i 50-talet". Artig å sjå, men korleis kombinere med det ein har frå før? Det er litt av ei utfordring. For ikkje å gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet til ca 200 kr. Dei hadde eit i grønt som eg heller ville hatt, men eg var redd det var feil grønfarge. Kanskje eg kan kjøpe det også og gi vekk det eine?
PS. Har oppdaga at brettet har samme farge som kjøkkeninnreiinga, så det passar i grunnen godt inn.

onsdag, august 25, 2010

Vermelding 25.august 2010

Klokka nærmar seg 12.00. Det er overskya ute, men den fotside skodda ser ut til å forsvinne. Temperaturen er +16 grader.
I dag fekk naboane tvers over vegen besøk av betongbilen. Dei støyper golv i tilbygget. Og som alltid når noko slikt skjer stiller mannfolka opp og studerer og kommenterer.Det må dei vel gjere. Eg støvsuga på stova imens. Gjer "helgereint" i dag sidan eg skal til frisør i morgon.Og fredag er det ikkje godt å vite kva som skjer........

tirsdag, august 24, 2010

Vermelding 24.august 2010

Klokka er no 12.40. Det er + 15 grader C og akkurat no bryt sola fram, tidlegare i dag var det regnbyger.
Både rosene og dei andre blomstrane i hagen vart litt forsluffa etter at regnet kom, men før det var det ganske fint i hagen. På trappa har vi to pelargoniar som overvintra i kjellaren sist vinter og har blomstra sidan tidleg i vår. Sidan ein av blogglesarane er spesialist, lurte eg på om ho kanskje veit namnet?
                          
Nils for på sjøen i dag tidleg for å fiske makrell, og makrell fekk han, både nok og for mykje. Det er ikkje så mange naboar heime i dag, så det meste går vel i frysaren til agn. Sjølve skal vi ha steikt makrell til middag, det har vi hatt berre ein gong før denne sesongen. Det er begrensa kor mykje makrell to menneske kan ete.
Det var ein stor dag for Hassan (frå Irak) - han hadde aldri sett så mykje makrell før.

mandag, august 23, 2010

Vermelding 23.august 2010

Klokka er no 12.45.Temperaturen er + 17 grader C, det er overskya , men opphaldsver.Sola er nesten framme somme tider.
Som de kanskje ser på bildet blomstrar endelig den mørke blålilla clematisen, den plar ofte blomstre seint, og mange år har det snøa på  blomstrane.Eg likar så godt clematis, og det finst så mange sortar og fargar, men vi manglar vegger der han kan klatre. Vivendelen er bra i rute. Rosene stod veldig fine før regnveret kom.
I dag ventar vi Margrete og ungane på besøk, og vi lagar noko som Margrete er glad i: "Pappas ertersuppe"-og så skal eg steike pannekaker i tillegg. Vi har hatt mange diskusjonar på bloggen om kva suppe ein brukar til pannekaker. Her i huset er det ertersuppe som gjeld- og det gir vi oss ikkje på.
Jentene skal på ballettøving i dag og det er her i Ørsta.

søndag, august 22, 2010

Vermelding 22.august 2010

Klokka er snart 18.00. Ute er det regn, skodde og grått, slik det har vore i heile dag.
Temperaturen er + 13 grader.
Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag, men Nils var ein liten tur på terminalen og fiska nokre få makrellar. Det vart liksom så brått slutt på sommaren, men vi får håpe det blir fleire fine dagar framover.Det er no framleis sommar på kalenderen.
I morgon ventar vi Margrete og ungane på besøk, det er ballettsesongen som tek til etter ferien, og dei øver her i Ørsta.

lørdag, august 21, 2010

I nattens mulm og mørke....

Eg synest ikkje ein skal vere FOR private her på bloggen, men må likevel få lov å fortelje ei sengehistorie frå sist natt.Og for dei som ikkje er heilt orientert, må er fortelje at Nils, mannen i huset, er veldig glad i å plystre, han plystrar stort sett heile dagen, men plar halde opp om natta.
I går kveld då eg la meg, kopla eg lydboka til eine øyret, som vanlig, det er god sovemedisin. Og somna gjorde eg ganske kvikt, men vakna etter ei lita stund av ein skingrande plystrelyd. "No er mannen blitt galen", var det første eg tenkte då tonane til  "Hei hå! Hei hå! " frå Snehvit tona gjennom rommet. Vurderte å vekke han, men tenkte han kunne få plystre ferdig, då eit lite lys gikk opp for meg. Det var frå lydboka tonane kom, og mannen som plystra var den galne, kattedrepande Johnny Walker i Kafka på stranden.Hadde litt problem med å somne igjen.

Tur til Sæbø.

I dag hadde vi eit lite "ærend" til Sæbø, og eg nytta høvet til å fotografere både fjordar og fjell.Her på bloggen blir det imidlertid berre bilde av elva og brua. Dette er vanligvis ei god lakseelv, men akkurat no er ikkje laksefisket det heilt store. Som de ser er det heller lite med vatn i elva.
På 1930-talet var det stor arbeidsløyse i Norge, og det vart sett i gang diverse sysselsettingsarbeid. Meiner at moloen på Eid vart bygd på den tida? Sikkert er det i alle fall at onkelen min, Matias, reiste til Sæbø og arbeidde med elveforebygging. Det vil seie at dei steinsette elva på sidene for å forhindre at ho gjekk ut over breddene sine.I den tida vart Matias kjend med Jon Riise som vart lensmann i Ørsta, og i fleire år var naboen vår. Riise hugsa Matias godt, han var jo litt av ein kraftkar.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...