onsdag, august 04, 2010

Vermelding 4.august 2010

Klokka er 16.45. Temperaturen er ca 20 graderC, det er lettskya med litt sol av og til.Litt vind frå nord som gjer det relativt kjølig. Men det vart i alle fall opplett såpass lenge at Nils + alle naboane får klippe plen. Slik er det, når det er litt finever ein dag er det mykje som må gjerast ute. Eg trudde det skulle bli så bra at det gikk an å ligge strak ut i sola, og etter middag la vi oss ut, men eg måtte ta fram utedyna etter ei lita stund. Ikkje var det så kjekt å lese lydbok heller, når alle rundt omkring kjører grasklippar.Sukkerertene kjem i full fart no, og så er det store bær på dei nye bringebærplantane. Men så er der altså maur.Det visste vi frå vi hadde jordbær-plantar same staden, men vi visste ikkje at mauren for så høgt oppi lufta for å ete bær. No må vi vel til å forgifte han ?
Før middag var eg ut og snaua rabarbraen. Tok vare på dei finaste stilkane og laga ei rabarbrakake.Og så laga eg middag.Ikkje mykje til dagsverk, det.
Elles kan vi i dag gratulere Lars- Inge med 45-årsdagen og Ingar med 5 mnd.-dagen.
Posted by Picasa

tirsdag, august 03, 2010

Vermelding 3.august 2010

Klokka er 11.25, temperaturen er +18 grader C og det held på å skine opp.
Nils for på sjøen klokka 5 i dag tidlig, og kom nettopp heim att. Han hadde uti lina, men fekk ikkje verken brosme eller lange eller noko anna spennande.Eit par seiar vart det no, så vi svelt ikkje i hel med det første.

Han fekk imidlertid denne fisken som han ikkje har sett før, så no ber vi om hjelp. Kanskje Håkon er den som best kan finne ut av problemet. Fisken er blank og liknar litt på ei sild, men er større.
Mens Nils var ute og fiska, har eg vaska støvsuga etc. etc.Same procedure as every day.No trur de vel her er både reint og ryddig, men det er heilt feil. Det blir gjort berre LITT kvar dag.

Sølvbryllaup

 
I dag kan vi gratulere Solveig og Øystein med sølvbryllaupsdagen !
Eg har valt dette bildet frå bryllaupsdagen, der dei står på kyrkjetrappa med mamma mellom seg. Dette var altså i 1985 og mamma var 81 år gammal.
I dag på den store dagen er dei i Oslo der Olaug jr. deltek i Norway Cup. Kor vidt det blir feiring, veit eg ikkje noko om. Det blir vel ei markering når vi alle samlast til helga.
Vi gratulerer med dagen!
Posted by Picasa

mandag, august 02, 2010

Vermelding 2.august 2010

 
Klokka er 19.50 og det har enno ikkje klårna opp, det er både skodde og regn- temperaturen er +14 grader C. Men i morgon blir det vel litt sol?
I dag har vi styrt litt her heime, vore ein tur på biblio og på butikk, og så kom Margrete på besøk etter middag. Då hadde vi jordbær med sukker og fløte attåt kaffien. Første gong i år at vi har ete jordbær her heime, og bæra var kjøpt på butikk. Vi har "i alle år" hatt jordbær frå eigen hage, men i år har det berre blitt eit bær i ny og ne sidan åkeren er nyplanta. Bæra var forresten veldig gode!
Dei høge plantane i beddet er solsikker som har sådd seg sjølv-eller kanskje fuglane har hjelpt til? Elles ser de kanskje at tujaen er blitt rimelig brun i løpet av sommaren. Det  går nok mot den visse død for dette treet også.Vi har planta diverse tre på denne staden, dei fleste har visna vekk.Steinane som ligg i singelen har vi tenkt å bruke til å bygge muren høgare, men det er vanskelig å finne nok høvelige steinar.
Posted by Picasa

søndag, august 01, 2010

Bok nr.40 2010: Siste natt i Twisted River.

John Irving er vel ein av vår tids mest kjende amerikanske forfatterar. Likevel har eg lese berre ei av bøkene hans før, En bønn for Owen Meany. Men eg har sett filmatiseringar av eit par bøker, Hotell New Hampshire og Garps bok.
Denne boka handlar om Kokken Dominic og sonen hans Daniel + eit stort og mangfoldig persongalleri. Alle er dei fargerike personar som blir skildra på ein glimrande måte. Boka er i tillegg til å vere ei fantasifull forteljing, også ein metaroman, sidan det handlar om det å skrive bøker.Vi får innblikk i korleis Forfattaren brukar det som skjer i røyndommen i bøkene sine.
Det er også mykje om matlaging, sidan ein av hovudpersonane er Kokken.
Boka er på 19 CD-plater, og det er for langt ! Det er det eg har å utsette på denne boka, ho er rett og slett FOR omfattande. Her er for mange digresjonar, for mange gjentakingar og for mange hendingar som eigentlig ikkje er nødvendige for samanhengen.Men innimellom glimtar forfattaren til og skriv heilt eminent.
Eg fann ei omtale på nettet som er betre enn det eg kan skrive, men som uttrykker same meiningane som eg har.
Boka er godt lesbar og ikkje vanskelig, men som sagt noko langdryg.For spesielt litteratur-interesserte er boka på mange måtar eit funn.
Eit av yndlingssitata frå boka: Himmeldamen:" Alle har rett til å være litt lykkelig, din drittsekk."

Vermelding 1.august 2010

Klokka er blitt 17.10, temperaturen er + 15 grader og det pøsregnar. Det er rett nok bygever så det er litt lettare innimellom. Eg har venta med å skrive vermelding i dag, i håp om at den skulle bli litt meir optimistisk.       
Vi hadde tidlig middag i dag, og etterpå måtte Nils av stad for å fiske litt makrell frå kaia- eg la meg rett ut for å lese. 

Vel framme i Kongsberg.

Solveig og Øystein kom fram til Kongsberg i går. Her er dei i lag med dei to minste gutane.
Det ser ut som om Mellombror har eit skikkelig problem med det elektroniske spelet sitt, etter ansiktsuttrykket å dømme.
Posted by Picasa

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...