søndag, juni 06, 2010

Olaug er tenåring !

Når nokon i familien fyller år, nyttar eg høvet til å mimre litt. Då hentar eg fram bildealbum og scannar bilde frå tida før data-alderen slo til for fullt.Vi har massevis av bilde, sidan begge døtrene våre har vore ivrige fotografar, og bilda eg vel er nokså tilfeldige.
Det første eg hugsar om Olaug var at ho vart fødd ein vakker sommardag mens eg var på skuletur ved Bjørdalsvatnet. Dernest var det namnet. No kan eg innrømme at eg vart heilt sjokka då dei fortalde at eg skulle kallast opp.Eg prøvde å protestere, men var no litt stolt også,då. Og det har ikkje vore noko problem med forvekslingar.
Olaug er den av barnebarna som har vore minst ved fødselen, men no er ho både stor og tøff. Det MÅ ein vere når ein har TRE eldre brør! Trur ho er blitt herda gjennom samværet med dei.
I likheit med brørne spelar også Olaug fotball, noko som ville vore heilt utenkelig for eit par generasjonar sidan. I min barndom var det heller ingen jenter som spela i korps, så verda går no framover på mange måtar. I tillegg til å spele klarinett og fotball dansar jenta ballett også. Og så har ho to kaninar som ho steller med så godt det let seg gjere, og snart skal ho få seg katt også. Ho har planar om å bli dyrlege, så ho herdar seg med å sjå dyreoperasjonar på TV.
Olaug er no snart ferdig med barneskulen, og til hausten tek ho til på Hareid ungdomsskule der mora jobbar.
På bildet over er det Ingeborg som har tatt kusina på fanget.


Her sit Olaug på fanget til størstebroren, tippar ho er ca 1 år. Etter at den første skuffelsen hadde lagt seg, vart ho akseptert av brørne, som eigentlig ville hatt ein bror til. Viss de synest gutane har litt rare hovudplagg, så er det nokre capsar vi kjøpte på ein ferietur, med hender som klappa når ei drog i noko. Trur eg det var.

Gratulerer så mykje med 13-årsdagen, Olaug! På svenska flaggans dag! 
Og så får vi ha ei skikkelig feiring av alle "junibarna" når det verste eksamensstresset er over!

lørdag, juni 05, 2010

Vermelding 4. juni 2010

Klokka er ca 16.00, temperaturen er +15 grader C og det er lettskya og fint. Men altså ikkje den store varmen.
I dag har vi vore på rek. Først handla vi matvarer på Coop, Amfi, og plasserte fangsten heime, før vi tok turen til Sæbø.Eg hadde lyst å sjå Nilsbuda. Det er 6 damer som har gått saman om å selje lokalt handverk på dugnadsbasis. Dei har eit utval som spenner frå flatbrød og heimelaga såpe til tekstil,keramikk og glaskunst.Eg trudde maleria til Nils Taklo, som eg gikk i lag med på lærarskulen, også var der, men der var berre eitt bilde+ katalog.No bur han ikkje langt frå butikken, men det får vere til ein annan gong. Eg kjøpte berre ein pakke flatbrød, ei såpe og ein liten ting til ei i familien som har fødselsdag i juni.
Damene på butikken sel også kaffi og sveler(!), og då det dukka opp eit par vi kjenner vart vi sittane å drikke kaffi utanfor butikken.HAN er ein lokal keramikar, så då veit mange kven eg meiner.Vi hadde ein koselig prat.

 
Frå kaffibordet hadde vi utsikt innover den vakre Hjørundfjorden, eller Kufjorden som vi meir urbane ørstingane kallar han. Det er i desse fjella dronning Sonja likar å traske rundt.
Eg var dessutan ein snartur innom hotellet og leverte frå meg ein kakespade som hadde blitt med ei av kakene heim på fødselsdagen min.

fredag, juni 04, 2010

Vermelding 4.juni 2010

Klokka er snart 11.30. Det er lettskya og delvis sol ute.Temperaturen er +16 grader C.
Ikkje alle veit at vi har eit skikkelig fint reinhaldsverk her i Ørsta. Det ligg ved flystripa vis á vis Ivar Aasensenteret. Det går under namnet VØR (Volda-Ørsta Reinhald). Nils er kommunevald til representantskapet, og har vore det i fleire år.
Eine hallen vart øydelagt av brann for ei tid sidan, og no er den nybygde hallen ferdig. I dag var det opning av nyehallen, og ordførar Gudny Fagerhol var til stades. På bildet gir ho daglig leiar Petter Bjørdal ein blomsterbukett.Nils var der, og det er han som har tatt bilda.
Eg synest det er fint at dei bygger eit slikt anlegg så fint og neddempa som mulig, slik at det ikkje skjemmer omgivnadene. Dessutan er det kjekt for oss som bur i sentrum at vi har dette anlegget så nært, for her kan vi levere både hageavfall og gammal teknologi, mellom anna.
Den tida eg jobba som lærar var eg på fleire ekskursjonar til VØR, særlig då eg hadde sonen til dåverande leiar som elev. Det er faktisk interessant å sjå korleis ein slik institusjon fungerer.
På nedste bildet ser vi Melshornet i bakgrunnen.
Mens Nils var på opninga, opna eg mjølposar og laga 3 Ingers brød.Då har eg mat lenge.

torsdag, juni 03, 2010

Bok nr.29 - 2010: Lykka er ein sjeldan fugl.

Det er tredje boka eg les av denne forfattaren.
Eg plar seie at alle bøker handlar i bunn og grunn om livet, døden kjærleiken og havet. No er ikkje havet fysisk til stades i denne  boka, men eg fann ut at "havet" kan nyttast som ein metafor for reiser, og reiser er her mange av, både i tid og rom.
Denne boka er på mange måtar mykje lik Saman er ein mindre åleine, men den er litt meir infløkt. Her er ein ekstern forteljar, men fordi mange av hovudpersonane fortel si eiga historie, kjem ein nær innpå dei.Kva boka handlar om kan de lese andre stader, det eg vil bidra med er mitt syn på dette konglomeratet av ein roman. Her er mange menneske og mange historier. Her er mykje sorg og sakn, men også kjærleik, glede og samhald. Hovudbodskapen, slik eg oppfattar den, er: Livet kan vere vondt og godt, innehalde sorger og gleder, men det viktige er at vi lever.Så får vi sjølve prøve å gjere det beste ut av det.
Eg kunne sagt mykje negativt om boka, her er så mange ORD at ein har problem med å halde fokus, så mange digresjonar og andre sidesprang at eg av og til lurte på kvar eg var.
Men om ein er blitt "fengsla" av denne forfattaren, godtek ein det meste.Ei skreiv på bloggen sin at boka var "klissete"- likevel elska ho den.Slik er det med meg også, eg ser mange "feil" ved boka, likevel let eg meg fortrylle.
Tittelen på boka er nydelig. Og så vil eg gjenta noko eg har sagt ofte:Franske bøker er ikkje som andre bøker. Dei har som regel noko av Frendeløs og Les Miserables i seg. Det har i alle fall AG sine bøker.

Vermelding 3.juni 2010

Klokka er snart 14, temperaturen er + 11 grader og det er skodde og regn. Sjølv om det ser litt trist ut ute akkurat no, er det von om betre ver. Prøvde å ta bilde av epletreet som så vidt har begynt å blomstre, men etter eitt forsøk var det slutt på batteriet, så bildet vart ikkje så fint som eg hadde ønska.
Nils har brukt f.m. på å reparere grasklipper. Eg har vaska og støvsuga inne, likar å få helgavasken unna på torsdag, sidan eg nesten alltid får litt problemer etter slikt arbeid med bøy og tøy. Kjekt å vere i form i helga!
Om ei lita stund skal vi ete middag. I dag har eg laga den retten som vi kallar "søndagssei" -uansett kva dag vi et den. Heldigvis er vi veldig glade i fisk begge to, så vi har ingen problem med å ete fisk og fiskemat 4-5 gonger i veka.
Elles kan eg melde at dei to dompap-para "våre" er og forsyner seg av solsikkefrøa både titt og ofte.

onsdag, juni 02, 2010

Vermelding 2.juni 2010

Klokka er 15.15. Temperaturen er +13 grader C, det er overskya, og så har det regna litt. Dermed slepp vi å vatne.Det skal visst bli kraftig regn, før det blir fint igjen.
I dag har vi hatt oss ein "lapredag"; Nils slappa av etter stress med hage, ved og fiskeri. Vi sov lenge, og så vart det ein tur på Amfi f.m. Kjøpte berre mat.Måtte m.a. ha ny forsyning med mjøl til brødbakst.
Så hadde vi  (dvs. eg) tenkt oss ein tur til Sæbø og kike på Nilsbuda og varene der, men det var uråd å finne ut kva tid der er ope.Dei held visst ope når det passar, så ein må på ein måte varskue om at ein kjem.
Til Nils si store glede laga eg Taco til middag. No har vi ete fisk og fiskemat i mange dagar, så det var på tide med litt sterkare kost. Feilen er at slik smaksrik mat er veldig appetittskjerpande, så no vart det for mykje mat i dag også.
Det var visst ikkje heilt slutt på stresset, for med det same vi hadde ete, måtte Nils på Eik-senteret for å få tak i verktøy, så han få reparere grasklipparen.

tirsdag, juni 01, 2010

Vermelding 1.juni 2010

Klokka er snart 13. Temperaturen er + 20 grader, men det er framleis eit kjølig drag i lufta.Himmelen er stort sett blå, berre med nokre lette skyer.
Nils for ut på sjøen i 6-tida i dag, og kom heim med ein del sei, men ikkje den heilt store fangsten.
Eg vart inspirert av Solveig sin blogg og laga ein porsjon brytebrød. No har vi ete formiddagsmat, og eg sit og angrar på at eg åt for mykje. Fersk gjærbakst har eg veldig vanskelig for å motstå. No etter at eg har gått over til ferskgjær, tek eg tilbake alt eg har sagt om at tørrgjær gjer samme nytta. Det er ikkje sant. No skal vi slappe av ei stund på altanen før vi ev. finn på noko fornuftig. Det skal visst regne i morgon, så det gjeld å Carpe diem!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...