torsdag, mars 04, 2010

To par strømper til bitte lille bror.

Fekk akkurat no melding frå Drammen sjukehus om at guten er komen til verda og alt er i orden. Får vel fleire opplysningar seinare, men no er vi glade for at alt har gått bra . Det blir vel ikkje lenge til vi har eit bilde heller.
Vi gratulerer foreldra og familien i Kongsberg med vesleguten. Skulle gjerne vore litt nærmare og fått sett han på dagen!
Dette nydelige vognteppet til vesleguten kom ein av naboane våre innom med i går.Det er strikka i smale lengder som er hekla saman.Vi har mange hyggelige og snille naboar!

Vermelding 4.mars 2010.

Klokka 12.00: Sol frå nesten skyfri himmel og temperatur rundt 0 grader. Det er eventyrlig fint, likevel begynner vi å lengte etter vår, vil jo ikkje ha snø heile året heller. Nils driv og flyttar på snøen og strør på mold her og der for å få det til å smelte fortare.Eg driv og styrer inne i fineveret, men no er det like før eg monterer opp solsenga. Får vel sjekke yr.no først, kanskje.

onsdag, mars 03, 2010

Vermelding 3.mars 2010.

Klokka  er 13.00, temperaturen er ca 0 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Som de ser av bildet har det ikkje minka på snøen.


                                            
Nils har vore og kjøpt ny printer/scanner på El-kjøp. Cecilie ringde og sa at dei billige til 499 kr var heilt OK. Så har Nils sett i ledningane og eg har installert, noko som er veldig enkelt når ein brukar CD-en som følgjer med.
Men så skal eg registrere produktet, og alt buttar imot. Og vi forstår ikkje kva som er gale. Har prøvd med begge e-postadressene, utan resultat. Og så blir eg så lei........Datatrøbbel er det verste eg veit, og eg hatar å be om hjelp til slikt som eg føler eg burde greie sjølv.Og eg treng printeren NO.

Klokka er18.30.
Det skya brått over, og så kom det ein heil del snø mens vi sov middag.
Snakka med datahjelparen vår i telefonen, og ho sa at den registreringa eg bala så med, var heilt unødvendig. Så no kan eg både printe og scanne, men enno står det mykje att å lære.
Før middag leita eg frenetisk etter MP3 -spelaren og fekk på den måten rydda ganske mange skuffer.Men så kom eg plutselig på KVAR eg hadde lagt den.Og der låg den! Så no er i alle fall dei problema ute av verda.

tirsdag, mars 02, 2010

Dataproblem- igjen.

Sidan Rasmus la inn Windows 7 på datamaskina, har vi ikkje fått printeren til å virke. Maskina har rett og slett avvist han. Eg har prøvd om att og om att utan å få det til.
I dag henta vi inn datahjelp, og ho fekk det heller ikkje til. Eller rettare sagt:det går ikkje an.Litt ergerlig, men ei lita trøst også: Det var ikkje mi skuld.  Så no blir det å kjøpe ny printer/scanner i morgon den dag.
Så fekk eg henne til å legge inn ei ny e-postadresse på den stasjonære maskina:
olaug.trovag@gmail.com
Men den gamle adressa kan også nyttast.

R. og W. er i Drammen, men det er ikkje noko nytt enno.

Vermelding 2.mars 2010.

No er klokka12.30. Temperaturen er mellom 1-2 minusgrader, og det snøar ute.
Ser eg ut kjøkkenvinduet, ser er rett opp i båten som ligg klar til utfart.Utanfor stuevinduet ser eg klestørkestativet som eg brukar flittig, sjølv om det har vore problem med å få tørre klede der i vinter. I viduskarmen står Hawaiirosa som eg fekk av Margrete førre veka. Den har så vakre blomster, varmgule med raud midte. Dessverre står dei berre ein dag, men det kjem stadig nye.Av Solveig fekk eg lys og serviettar i morsdagsgåve, dei får eg ta bilde av ein annan dag.

mandag, mars 01, 2010

Vermelding 1.mars 2010.

Klokka er 12.40. Temperaturen er ca 0 grader C, ute snør det tett akkurat no, men eg trur det er forbigåande.
Nils legg teppe i kjellerleilegheita mens leigebuaren er i Brasil, og eg bakar.
Har fått melding frå R.
Det skjer ikkje noko i dag.

Bok nr.13 - 2010: Haukene.

Eg har lese ei bok av denne forfattaren før.Det var ein nøktern politiroman,nesten dokumentarisk.
Denne romanen tek også utgangspunkt i det norske samfunnet slik det er i dag. Det handlar mellom anna om norsk utanrikspolitikk,oljeboring, våpenproduksjon og i det heile tatt.Men så tek det heilt av i reine James Bond- stil.CIA er innblanda, likeins Moussad. På grunn av tittelen på boka, kom uttrykket "høk over høk" dettande inn i tankane mine. Om der er nokon bodskap i boka, må det vere at alle er meir eller mindre korrupte i samfunnet vårt, og politikarane er uvitande om mykje av det som skjer. På same måten som at den amerikanske presidenten ikkje har heilt styringa på CIA. 
Det er mykje action i boka, likevel fenger den ikkje meg. Som eg har skrive før, likar eg at kriminalromanar er ryddige med eit klart fokus.Det som er i vegen med denne boka er at forfattaren vil skrive om alt i ei bok.
Men det er mi personlige meining, kanskje andre er vilt begeistra. Kva veit eg? 
De kan lese kva boka handlar om her

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...