tirsdag, juni 09, 2009

Barnebiblar.


Det har vore ein del skriving om bibeltekstar i det siste.Då kom eg til å tenkje på den gamle Barnebibelen til bror min.Han kjøpte den for sine eigne pengar ein gong i barndommen, men då han seinare kom i akutt pengekrise, selde han den til meg.Prisen kan eg ikkje hugse, men no vil eg gjerne "selje" den tilbake til ein billig penge(gratis). Bibelen er på bokmål og trykt i Oslo i 1949. Den inneheld fine gammaldagse bilde. Om eg skulle gløyme det, så minn meg!!
Den andre barnebibelen er frå 1987, den har eg kjøpt sjølv og den er på nynorsk.
Fordelen med barnebiblar viss ein vil lese/ fortelje til barn er at bøkene er oppdelt i forteljingar i staden for kapittel og vers. Dessutan er ikkje alt teke med, berre det som høver for born, stort sett.

mandag, juni 08, 2009

Før og no.


Fall for freistinga å stele eit bilde frå Solveig og legge til eit bilde av dei same to frå sist laurdag.Ingeborg er 10 mnd. eldre enn Håkon, men som de ser, var dei ikkje så gamle før Håkon vaks forbi henne.Gode venner er dei framleis, sjølv om interessene naturleg nok ikkje er akkurat dei samme som då dei var små.

Apropos Bruce......

Solveig etterlyste Bibel-teksten som er bakgrunn for songen Jacob´s ladder.
I mi skuletid var kristendom eit viktig fag i skulen, og vi lærte mange bibelforteljingar utanboks, noko som gjer at vi hugsar dei enno. Ja, for min eigen del må eg legge til at eg har hatt nokre repetisjonar.
Eg veit at det ikkje lenger er lov å undervise i religion i skulen på samme måten som før. Det er ikkje den raudgrøne regjeringa som har bestemt dette, sjølv om det er mange som trur det. Det er eit direktiv frå EU.
Men eg vil tru at mange, både lærarar og elevar,gjerne ville ha høyrt og fortalt dei gamle forteljingane frå Bibelen. Ikkje minst forteljingane frå det gamle testamentet.Dei siste elevane mine, som gikk over i ungdomsskulen for sju år sidan, elska i alle fall desse historiene, og sjeldan var dei så stille og lydhøre som då eg fortalde om Josef, Moses og dei andre personane.EG synest borna i dag går glipp av noko når dei ikkje får med seg dette. Men det er ikkje ULOVLIG for foreldre og andre å fortelje desse fortellingane.
Bibelsoga til venstre fekk eg då eg var seks år gammal.Den tida måtte ein kjøpe skulebøkene sjølve. Som de ser er det både sliten og reparert. Den til høgre er ei nyare utgåve av samme boka. Den høyrer eigentlig til på Velle skule.

Datatrøbbel.

Viktig melding:
Vi har framleis litt trøbbel med e-posten, både med mottak og sending. Så dersom du ikkje får svar på mailane dine,vil eg tilrå at du brukar andre kontaktmetodar.Vi har prøvd å få tak i ein hjelpar, men ikkje lukkast med det enno.

Ny feme.

No har eg fått meg ein ny hobby, så heretter kan det bli ein del fotomontasjar/kollasjar å sjå på bloggen min.Denne er frå ei fødselsdagsfeiring på Hareid.
Både eg og blogglesarane vonar vel på betring i kvaliteten etter kvart som eg lærer.

søndag, juni 07, 2009

Aldri for gammal.

I går insisterte Solveig på at eg SKULLE lære meg å rippe lydbøker.Det er ikkje akkurat nokon heksekunst, så i dag rippa eg for første gong ei bok på mi eiga maskin. Latterleg enkelt. Så hadde Strikkemor(o) laga ein kollasj med katten sin som motiv, og då måtte eg prøve noko liknande med eitt av barnebarna.Dette bildet er absolutt første forsøk.(Fekk eit tips om å gå inn på Picasa.)
Eg har høyrt at for å unngå å bli senil, skal ein lære seg noko nytt, helst kvar dag. Så no gjer eg så godt eg kan.

lørdag, juni 06, 2009

Eiksundbrua klokka 22.30

Vi har hatt ein fin dag. Før middag sola vi oss litt på altanen og rusla i hagen.Så var det ballettframsyning i Sjøborg,kulturhuset i Ulsteinvik.Det er bygt inn som ein del av hotellet, og hadde vi ikkje visst det hadde vi aldri funne fram.Danseoppvisninga var fin, og sidan amfisalen var både høg og bratt, hadde vi nesten fugleperspektiv.Deretter vart det både saltmat og søtmat på Hareid, og Olaug vart feira.Takk for ein koselig dag!


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...