lørdag, juni 06, 2009

Gratulerer med 12-årsdagen!







Kjære Olaug! Gratulerer så mykje med dagen i dag! I dag er det nesten like fint ver som det var den dagen du vart fødd, men ikkje så varmt. Sommaren 1997 er den finaste vi kan hugse,varm og deilig med mykje sol.Og så var det ein veldig spesiell sommar for oss, sidan vi fekk to nye barnebarn det året. Eirik er jo berre 7 veker eldre enn deg, så somme gongar kalla vi dokke "tvillingane" for moro skuld.
Dei tre brøne dine vart veldig skuffa då dei fekk syster og ikkje bror, men det gikk fort over etter kvart som du vart litt større og dei kunne leike med deg og passe deg.
Bilda som eg har funne fram i gamle album er frå tida 1997-1999, altså dei to første leveåra dine.Som du ser hadde vi alt då 6 barnebarn.
Seinare i dag kjem vi ut til Ulsteinvik og skal sjå deg danse ballett.Til dei som ikkje veit det, kan vi fortelje at du også spelar klarinett og fotball. I tillegg er du kjempeflink i husarbeid, og ein dyktig kaninpassar.
Til lykke med dagen!





fredag, juni 05, 2009

Bok nr.36:Venstre hånd over høyre skulder.

Dette er ei fin, lita bok, berre 5 CD-ar. Boka er norsk og eg kjende ikkje forfattaren frå før.
Handlinga i boka er relativt enkel: ein mann blir påkjørt og vi får høyre korleis dei som står han nær tek dette.Skulda dei kjenner på, det dårlige samvitet og angeren. Vi får også det meste av livshistoria deira.
Men handlingane er ikkje det viktigaste, det sentrale er kjenslene, mangelen på kommunikasjon og forståing som personane har for kvarandre.
Boka er lett å lese og lett å forstå, men vanskelig å beskrive. Den er veldig fint komponert, den er fokusert og heilheitlig på alle måtar.Den fortener så absolutt femmaren som den får på terningkastet.
Det er ei bok som eg absolutt vil anbefale, men den vil nok interessere kvinner meir enn menn.Eg har ikkje googla boka, men gjer det om de vil.
PS: Den noko kryptiske tittelen viser til stillinga ein skal innta når ein kastar ein mynt i Fontana di Trevi.

tirsdag, juni 02, 2009

Bok nr.35: Innsirkling

Denne boka er skriven på tilnærma normalisert nynorsk.Handlinga er i hovudsak lagd til Namsos i Nord-Trøndelag og så har dei fått tre austlendingar,Lasse Kolsrud, Jan Grønli og Ane Dahl Torp til å lese dei tre forteljarstemmene i boka!Då blir det noko som skurrar i mine øyre.Alle tre les godt, det skal dei ha, men for meg blir det verken nynorsk eller trøndsk.
Boka er original i oppbygginga, i og med at den er dels skriven i brevform,som etter kvart går over i indre monolog.Dette kan bli litt forvirrande, særleg i begynnelsen.Men alt dette har med lydbokutgåva å gjere, så denne boka er ei av dei ein helst bør lese på papir!
Handlinga i boka er kort fortalt at David har mist hukommelsen, og dei som kjenner han blir bedne om å skrive brev til at for å gi han fortida tilbake. Det er tre av dei som kjenner han best som skriv. Men kven var/er David? Vi får i grunnen tre ulike skildringar av personen;alle har sitt bilde av han, og eg er ikkje stort klokare etter å ha lese boka.Det er heller ikkje meininga, trur eg. Men dei vi blir kjende med er dei tre brevskrivarane. Når dei skal skrive om David,begynner dei å reflektere over sitt eige liv og grip tak i det-dei får på ein måte eit spark bak, så dei gjer noko for å endre på det dei ikkje er nøgde med.Dette er noko av det boka handlar om, men her er mykje meir, og teksten er på ein måte veldig open, slik at ein "diktar" sine eigne tankar inn.
Forfattaren har ein skriveteknikk der han får sagt alt minst to gonger, ikkje så "gale" som hos Jon Fosse, men noko av samme teknikken. Dessutan brukar han eit uttrykk veldig ofte, nemlig "let som"-dette også med fullt overlegg, sjølvsagt! Alle går rundt og let som. Ingen viser tydelig kven dei er.
Den av personane eg har mest sans for er Silje, og Ane Dahl Torp er faktisk den som les best også!
Eg kunne ha skrive mykje meir om denne boka, men det er best de les den sjølve. Ho er vel verd å lese.
Eit godt råd: Forstørr og les omtalen på bokomslaget!

mandag, juni 01, 2009

Bilde frå turen.






















I Hornindal fann vi ein "Lamafarm", med nydelige Alpakka-dyr. Tillitsfulle var dei også.
Så ser vi eit bilde som vi tok frå Blakset mot Innvik.Fann lett garden til slekta.
Så kjem tre bilde frå Hopland og eitt frå Hennebygda. Dessverre kjem det ikkje fram KOR bratt der er på Hopland, men korleis folk har greidd å dyrke gardar i så stupbratte bakkar går langt over min forstand.Naboen min, Marit; budde på Hopland mange år i sin barndom. Kanskje det er derfor ho er så sprek? Far hennar var lærar og organist i bygda.
Forstod tidleg at der var lite straum att på apparatet-elles hadde vi nok teke mange fleire bilde enn det vi gjorde.






Biltur til Nordfjord.

Då vi vakna til fotsid skodde i dag, bestemte vi oss for at det var høvelig ver for BILTUR. Vi hadde ei rute klar, ein tur vi lenge har tenkt å ta, og endelig vart det noko av. Kort skissert:

Bil til Sæbø, ferje til Leknes, opp Nordangsdalen, til Hellesylt, Hornindal,Markane, Blakset,Fjelli,Hopland, Hennebygda,Lote, Nordfjordeid,Sigedalen, Bjørnaset-og heim att. Turen Blakset -Lote var heilt ny for oss, men eg kjende alle namna frå bygdene her frå før. Har høyrt dei fleste frå eg var lita. Vi stoppa ei stund på Hopland der vi kom i prat med ein mann. Eg kjenner mange som har tilknytting til denne vesle stupbratte staden og fekk spurt etter dei.Vi fekk også sjå brygga til Åslaug Haga -"much ado about nothing," spør du meg. Då vi kom til Bjørnaset, skulle dei akkurat ete middag, og det passa bra, for kaféar var det ikkje mange av langs ruta vår.

Funne på You Tube.

Eg vart litt misunnelig på Solveig, fordi ho hadde fått Web-cam på bloggen sin, så eg begynte å leite etter noko liknande for Ørsta. Det fann eg ikkje, derimot mange videoar frå distriktet her- på det mangfaldige You Tube.
Fann mellom anna denne videoen som viser ein tur frå Ørsta til Eiksund og tilbake igjen, og så til Volda. Tenkte det kunne vere litt interessant for dei som ikkje har køyrt Eiksundsambandet enno. Som kjent køyrer ein då gjennom verdas djupaste undersjøiske tunnel. Dessverre går det ikkje fullt så fort som på filmen. God tur.
Vil de vite meir om tunnelane, så køyr også den videoen som heiter Eiksundsambandet.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...