Då eg vakna i dag trudde eg at eg var blitt heilt frisk igjen, så vel var det ikkje, men eg er mykje betre. Det underlege er at eg søv så mykje, det plar eg ikkje gjere. Eg sov godt i natt, eg sov i dagmorgon her på rommet mitt, og no har eg sove framfor TV-en ei stund også.
Eg fekk lagt i hop ein klesvask og gjort litt småting på morgonen, men det varte ikkje så lenge før handa protesterte. Eg hadde så smått tenkt meg på butikken i dag, men det slo eg i frå meg. Eg får ete på det eg har til eg kan gå ut. Eg har no såpass med mat at det held nokre dagar. Eg skulle no ha bunkra opp litt meir før Rasmus for, men så langt tenkte eg ikkje. Det er dei tablettane eg saknar mest, men eg har ein plan.( Eg har ei venninne som er klar til å hjelpe meg når eg treng hjelp,)
I dag fyller Ingeborg, eldste jenta til Margrete 33 år. Ho er utdanna lærar og bur og jobbar i Oslo. Det var der ho studerte også, så ho er blitt skikkeleg Oslo-dame. Det var farmora mi også, ho var født og oppvokst i Oslo, men ho kom til Eid fordi ho hadde funne seg ein mann derifrå.
Eg søv og søv, sat og sov framfor TV-en no før eg skreiv blogg.Og drøymer gjer eg stort sewtt heile tida, så eg slepp å kjede meg. No skal eg prøve å få rydda litt før eg set meg framfor TV-en igjen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar