Eg vakna nokaså tidleg i dag og stod opp og åt frokost.Men eg kjende at eg måtte slappe av meir, så eg gjekk og la meg i senga og sov litt til. Etterpå hadde eg ein lang prat med kusina mi i telefonen.
Eg tenkte igjennom kva eg skulle gjere i dag, og det første blei å fare på butikken, Eg hadde mellom anna ein stor sekk med flasker som eg skulle pante.
Då eg kom heim att var veret så fint at det frista lite å gå i hus, så eg bestemte meg for ein tur på Vernet. Og så passa eg på at eg hadde straum på telefonen så eg kunne få ta bilde.
Det var fint der oppe i dag og eg trefte folk som eg kanskje kjende litt. I dag var der verken is eller snø, så det var fint å gå der. Det var den første runden min i år, men ikkje den siste får eg håpe. Eg blir no eit år eldre for kvart år eg også og no blir eg snart 86, så eg kan ikkje forvente å vere sprek som ein ungdom.
Det som er så fint oppe på Vernet er at der står benkar langs vegen, så ein kan sitte og kvile seg og slikke sol på turen.
Her er steintrappa med 45 trinn så der kan bli litt ekstra mosjon.Oppe på sjølve fonnvernet er det flott utsikt mot heile bygda og vel så det.
Eg blir aldri lei av å gå der oppe og sjå utover.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar