tirsdag, mars 31, 2026

Dagbok 2026: 31.mars


 Klokka er no 18.36. Temperaturen ute er +7 grader C , det er opplett og litt vind, trur ikkje sola har vore her i dag-men eg kan ta feil. Eg kom akkurat heim att frå ein tur på Vernet, eg berre måtte ein tur dit i dag også. På bildet over ser vi heilt inn til dei kvite fjella i Dalsfjorden. Det er no litt snø i fjella her også, men ikkje mykje.

Eg var ikkje i form då eg stod opp i dag, hendene verkte, men  eg kom meg til litt etter litt og så var eg  bra. Men ikkje så bra at eg kunne sette i gang særleg mykje jobbing.Eg gjekk no berre her og pusla, men så fekk eg besøk av Audun- Han kom også med blomster så no har eg nesten drivhus i stova. Men eg blir glad for alle blomster eg får-det blir aldri for mykje. Det vart berre is og kaffi på Audun og meg i dag, ikkje fordi eg mangla mat, men det var liksom ikkje tida for eit måltid. Han kom i Øystein sin nye el-bil. 

Eg har hatt kontakt med Rasmus i dag også, han driv og shinar opp bilen min, så det blir stas og få den tilbake. Eg sette meg til å lese Mørenytt, der er mange og lange fortellingar om stort og smått, men eg har ikkje sette etter om der er Sudoku, for det kjem ikkje avis på langfredag så kanskje dei kom i tysdagsavisa. Eg synest sudokuane har blitt litt for vanskelege, eg greier den som er nest vanskelegast, men den aller vanskelegaste får eg ikkje alltid til. Det er frustrerande. No skal eg gå og sjå litt meir i avisa, og så blir det vel TV resten av kvelden.

Eg ønsker alle ei god påske.



mandag, mars 30, 2026

Dagbok 2026; 30.mars


 Klokka er no 21.15, temperaturen ute er +3-4 grader C, og det regnar no og då.. Eg sov inderleg godt i natt og på morgonen. Handa er ikkje god, men den verker ikkje så mykje heller. Eg hadde kontakt med Rasmus på dataen i dag, han driv og fiksar på bilen min. Eg ser fram til å få bilen igjen. Når ein er vand med å ha bil som står klar, blir ein litt vanhjelpt når ein ikkje har.

 Eg har ikkje gjort så mykje til nytte i dag, eg kan ikkje sette i gang "storarbeid" når eg ikkje ha to gode hender, Men det er ikkje mykje som hindrar meg i å gå ein tur, så det var ein runde på Vernet i dag også, det er godt å komme seg ut ein tur. Og i dag blei det til at eg laga meg middag då eg kom heim. Eg har rikeleg med mat i hus, Solveig har sørga for det, så eg lid inga nød om eg går her ålene.

Viss de ser på bildet over her ,vi de sjå at der er mykje snø i fjella. Den snøen har kome no nyleg, og fjella er kvitare no enn dei var for ei stund sida, Det har vore lite snø i vinter, og det passa meg godt, for er har ikkje hender til å moke snøen.

Eg fekk mange potteplantar til dagen min og no har eg vatna alle, men der var ein som begynte å henge med blada, så no håper eg at han kjem seg når han fekk vatn. Ja, slik går no dagane. Eg går her mest åleine, men det gjer ingen ting, for eg har gode venner som eg kan kontakte når eg vil, på data eller telefon. Eg har blitt flinkare å bruke telefonen no, det er berre det at den ligg som regel ikkje der eg er.


Eg likar godt å gå her og sjå på den vakre utsikta , fjorden og dei kvite fjella langt borte

søndag, mars 29, 2026

Dagbok 2026: 29.mars




I går var her mange på besøk, men i dag var eg her åleine igjen, men eg lid inga naud på nokon måte, og i dag hadde eg rikeleg med god mat som Solveig hadde kjøpt inn i går. Det var mykje godt som eg ikkje kjøper til vanleg, så det har blitt litt for mykje eting i dag. Eg skal innrømme det. Eg har ikkje styrt så mykje i dag, har stort sett berre lata meg. Men ut på ettermiddagen tok eg ein tur på Vernet, eg kan ikkje gå der kvar dag, for det vil ikkje venstrefoten. Men i dag vart det ein god og avslappa tur, litt grått var det , men ikkje regn. Det er ikkje berre for mosjonen sin del eg går, men eg føler at eg er meir ute i naturen der oppe. Eg møtte ingen eg kjende i dag, og heller ikkje ukjende som ville prate.


Då eg kom heim måtte eg nedom huset og sjå kor det stod til med krokusen.
         
                       Fekk fine blomster til å ha på tappa også i går.


lørdag, mars 28, 2026

Dagbok 2026: 28.mars


 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +4grader , og det  er overskya og litt regn. Idag har det vore ein litt spesiell dag fordi eg fylte 86 år, men eg føler meg ikkje eldre no enn i går .Vi hadde eit lite selskap her med døtrene og mennene deira, Det var no koseleg at dei kom og var her ei stund. Noko stor feiring var det no ikkje, og det var det ikkje behov for heller. No etter kvart kjem alle barnebarna  heim til påske, så då får eg sikkert besøk av fleire. Solveig hadde kjøpt med seg matvarer som eg skal ha over påske, sidan eg ikkje har bil for tida. Rasmus er ikkje ferdig med bilen min enno, så han var her ikkje i dag.  Eg har mange gode hjelparar. Solveig sørger alltid for at eg har potteplantar, så no fekk eg mange i dag. Det går i gult no til påske.

Kusina mi Ellen Marie ringde til meg  og vi fekk oss ein lang prat-og det var koseleg. Eg får ikkje gjort så mykje i huset på grunn av den låke handa mi, men eg greier no det som viktigast,No skal er rydde litt til og så blir det TV - utan strikketøy, dessverre. Og no kom eg på at det er laurdagskveld  og eg skal  skrue fram alle klokkene ein time. Det gleder eg meg til, for så får eg stå opp litt tidlegare.



torsdag, mars 26, 2026

Dagbok 2026: 26.mars


 Klokka er no18.20, og bildet tok eg for ei lita stund sidan. Det har vore regn o g trasig ver i heile dag, men akkurat no kom det eit streif av sol.I dag morgon då eg stod opp var det kvite marker . No er temperaturen ca + 3 grader.

Eg har ikkje hatt det så veldig kjekt i dag, men det lyt eg no finne meg i. Eg vakna grytidleg og stod opp og åt frokost, eg orka ikkje å ligge i ro for handa var låk og føtene også. Men eg sovna og sov eit par timar og då stod eg opp for godt, for i dag måtte eg gå på butikken og handle mat. Eg skulle no handle den dagen eg var med Ragnhild, men då vart det ikkje mykje eg kjøpte. I dag derimot hadde eg ein plan og ei liste- -men ikkje bil -så eg måtte gå både ned og opp att , men det gjekk greit. Eg gløymde berre ein ting, og den hadde eg heller ikkje skrive på lappen.

Her heime har eg styrt med klesvask og anna husarbeid, også har eg sett TV-må følgje litt med kva som skjer i verda. Og i dag fekk eg den nye fjernkontrollen som Erlend har skaffa meg. Eg måtte ha litt hjelp av han i dag også- det er alle desse maskinene og ledningane etc. eg aldri blir fortruleg med. Veldig kjekt å ha ein slik kar som Erlend som eg kan rope på når eg ikkje forstår meg på alle stikkontaktene og ledningane- Eg skulle vel skjerpa meg litt sjølv, men det er meir lettvint å få hjelp. Men eg prøver no sjølv innimellom.

Handa mi er ikkje heilt bra enno, så eg kan ikkje bruke den slik eg plar.Det er ikkje berre handa men heile armen, eg lurer på kor lenge det skal vare. Men eg søv godt om natta, og det er no ein fordel-

                                Sol mot kvelden, men det varde ikkje lenge

onsdag, mars 25, 2026

Dagbok 2026: 25.mars

KLokka er no  18.33, ute er temperaturen +4 grader og det regnar og regnar..No får vi visst betale for den fine vinteren vi hadde. Det er ikkje mykje sol no, nei. Men noko positivt er det no også-for meg. I dag vakna eg heilt uten smerter i handa /armen og eg har ikkje kjent så mykje til den seinare heller. Eg fekk vaske det eg skulle i dag, og ha ut teppe  etc. Det var no ikkje så mykje eg skulle gjere men  når ein ikkje er i form blir det lett for mykje. Etterpå har eg no kjent smerter i armen etc, men ikkje så mykje, eg har litt vondt i armen heilt oppe i skuldra, men det får eg tole-

Eg er litt irritert på meg sjølv og den handlinga eg hadde føre meg i går. Eg hadde ikkje liste, så eg hadde ikkje kjøpt halvparten av det eg skulle ha. Men no skal eg lage ei skikkeleg liste så kan eg no ta ein tur på butikken i morgon. Eg klarer no å gå såpass, det kan vere bra med litt trim.

Det var godt å fyre opp skikkeleg i dag, då er det koseleg å vere inne. Men  eg har lite ved att,  Rasmus kjem vel med eit par sekker  om han kjem seg hit til helga. Det er det no ikkje sikkert at han gjer, han må no ta den tida han treng -for å reparere bilen min. Eg er  heldig som har slike flinke folk i familien. Rasmus minner meg om bror min, han kunne også reparere alt muleg, og det kunne far min også. Men det kan ikkje eg. Til helga får vi sommartid og det ser eg fram til- eg likar å stå tidleg opp, særleg viss det er fint ver, for då får eg sol på kjøkkenet når eg et frokost.
 

tirsdag, mars 24, 2026

Dagbok 2026: 24.mars


 Klokka er no 18.50, ute er det skodde og regn og temperaturen er +5 grader  C.  Eg er glad for at eg slepp å vere ute. Eg kom nettopp heim , har vore hos Marit ei stund no- 

I dag har eg vore veldig bra i handa, så det ser ut til at eg kan bli bra igjen. På føremiddagen var eg i lag med Ragnhild ned på ALTI og handla og gjekk på kafè.. Så handla vi matvarer på KIWI på heimvegen. Eg hadde ikkje hugseliste så eg gløymde å kjøpe kaffi, men eg kan no gå på mine eigne bein og handle viss det ikkje blir for mykje. Vi hadde ein kjekk føremiddag og fekk prate litt innimellom.

Her heime har eg gjort lite og ingen ting, men eg treng litt hjelp med telefonen min viss eg skal få til å bruke den. Eg er ei kløne med telefon.

Det er skikkeleg trasig ver ute: grått og vått, det er vel betalinga for ein fin og lett vinter. Eg lurer på om han som bur i kjellaren er heime, eg treng hjelp med telefonen, TV en greier eg sjølv no,,,,,,,trur eg .

I morgon er det onsdag og min vaskedag, skal bli spennande å sjå kor mykje eg greier-det ser no bra ut no.                            

mandag, mars 23, 2026

Dagbok 23.mars 2026


Klokka er no17.37, temperaturen ute er + 3 grader C, Då eg såg ut i dag morgon var alle bøar kvite, seinare kom det litt sol, og det meste av snøen forsvann.

 Då  eg vakna i dag trudde eg at eg var blitt heilt frisk igjen, så vel var det ikkje, men eg er mykje betre. Det underlege er at eg søv så mykje, det plar eg ikkje gjere. Eg sov godt i natt,  eg sov i dagmorgon her på rommet mitt, og no har eg sove framfor TV-en ei stund også.

Eg fekk lagt i hop ein klesvask og gjort litt småting på morgonen, men det varte ikkje så lenge før handa protesterte. Eg hadde så smått tenkt meg på butikken i dag, men det slo eg i frå meg. Eg får ete på det eg har til eg kan gå ut. Eg har no såpass med mat at det held nokre dagar. Eg skulle no ha bunkra opp litt meir før Rasmus for, men så langt tenkte eg ikkje. Det er dei tablettane eg saknar mest, men eg har ein plan.( Eg har ei venninne som er klar til å hjelpe meg når eg treng hjelp,)

I dag fyller Ingeborg, eldste jenta til Margrete 33  år. Ho er utdanna lærar og bur og jobbar i Oslo. Det var der ho studerte også, så ho er blitt skikkeleg Oslo-dame. Det var farmora mi også, ho var født og oppvokst i Oslo, men ho kom til Eid fordi ho hadde funne seg ein mann derifrå.

Eg søv og søv, sat og sov framfor TV-en no før eg skreiv blogg.Og drøymer gjer eg stort sewtt heile tida, så eg slepp å kjede meg. No skal eg prøve å få rydda litt før eg set meg framfor TV-en igjen.


søndag, mars 22, 2026

Dagbok2026: 22,mars

Klokka er no 16.60, temperaturen ute er +5 grader og det regnar. Skikkeleg trasig dag å sitte heime åleine og ikkje kunne gå ut.

I dag har eg for det meste sete og sett TV.Dei sende nesten heile TEAM PØLSA i dag og der var ein del eg ikkje hadde sett før. Eg likar godt den serien.

Eg har sete mest i ro i dag, men utan "bandasje" på høgre handa.Eg har sete roleg og det ser ut til at det er bra for handa, den verker i alle fall ikkje så mykje då som om eg gjer noko. Eg trudde at hendene mine var i orden no, men så vart det verre enn før- og så har eg sagt takk og farvel til legen min, som skal gå av med pensjon. Så no veit eg ikkje kva eg skal gjere.Rasmus reiste heim til Kongsberg med bilen min for å reparere den der, så spørs det om eg blir i stand til å køyre bil eller om eg blir gåande med låk høgrehand resten av livet.

 

lørdag, mars 21, 2026

Dagbok 2026:21.mars

 Klokka er no20.44,ttemperaturen ute er+5 grader C.og eg trur det regnar litt. Dette har vore ein forferdelig dag for meg, for høgr/re handa sette i gang å verke som aldri før. Men eg hadde sovna seint på natt og vakne når Rasmus var klar til å fare.Resten av dagen har eg sove og verkt,verre enn nokon gong før,heile handa og armen heilt opp. <ogeg som alltid har Paracet i hus, var sjølvsagt tom for tabletttar-Eg har skifta på å sjå TV og sove i dag. Kva som vidare kan gjerast med handa , veit eg ikkje  Eg trudde handa var blitt heilt bra, men så begynte det å verke igjen mykje verre enn før, så no veit eg ikkje Rasmus er i alle fall komen heim til Kongsberg -og det er no bra. Eg har med litt møye og besvær klart å tømme oppvaskmaskina,Og no skal eg sjå TV   .

                                                                    

Dagbok 2026:21.mars


 Klokka er no 24,30  og eg skal straks legge meg. Temperaturen ute er +7graderC, og vi har hatt ein fin dag på alle måtar. På føremiddagen reiste Rasmus og eg bort i Furene og handla litt, og etterpå på Alti. 

I dag venta vi gjester, men vi gjorde det lettvint i det Margrete sørga før å kjøpe pizza til gjengen,is hadde vi kjøpt sjølve og kaffi hadde vi- Begge søstrene ville no komme heim og sjå bror sin før han reiser igjen i morgon-med bilen min, som han skal ta med seg heim til Kongsberg og reparere der, for der har han alt han treng av verktøy etc. Så kjem han tilbake med bilen i god stand-håper eg. 

Eg blir altså utan bil ei tid, men det går sikkert bra. Det er så kjekt å ha Rasmus på besøk ,så slett eg å vere åleine heile tida. Eg trist no med å vereåleine også-men ikkje heile tida.No skal eg legge meg , for det kan hende Rasmus står opp tidleg i morgon.

torsdag, mars 19, 2026

Dagbok 2026: 19.mars

 Klokka er no23.15, Ute er det overskya o +5 gradet C.

Dette har vore ein annleis dag på mange måtar. Eg stod opp tidleg for eg skulle hente Rasmus på flyplassen klokka 9, men eg fekk no gjort litt av kvart før den tid.

Då eg stod ved flyplassen og venta, kom eg på at sist eg venta på fly var den gongen Ingeborg hadde vore på tur jorda rundt etter at ho var ferdig på gymnas-det er nokre år sidan. Rasmus køyrde heim att , slik at han kunne oppdaga feila ved bilen, for det er derfor han er her no. Laurdag køyrer han heim att, med  min bil -og skal reparere den. Dagen elles har vi brukt til å ete,prate og sjå litt TV. Det er kjekt for meg å ha her nokon  ete og prate i lag med.

No er Rasmus gått til sengs, og i morgon kjem begge systrene på besøk, så då blir det enda kjekkare .trur eg.Eg skal no legge meg snart eg også. 


onsdag, mars 18, 2026

Dagbok 2026_ 18.mars











 No er klokka 2040, ute regnar det og mørkt er det også. Temperaturen på trappa er + 8 grader c, så kaldt er det ikkje.

I dag har eg vore heime og inne nesten heile dagen. Eg har gjort onsdag til vaskedag, men så veldig mykje har eg ikkje vaska eigentleg. Eg går no her med denne handa mi, men eg synest  at ho skulle vore bra att no-men det er ho ikkje.

Eg var ein tur nedover og handla mat utpå ettermiddagen, eg var ned på Spar i dag. I morgon skal eg på flyplassen før klokka 9 for då kjem Rasmus med flyet frå Oslo, Når han reiser igjen, blir det med bilen min, som han har tenkt å reparere- og komme tilbake med.Snakk om sørvis! Eg har snille barn og snille naboar som hjelper meg med mange ting. Elles kunne eg ikkje ha budd her i huset mitt for det er litt av kvart som skjer med eit hus også når åra går.


tirsdag, mars 17, 2026

Dagbok 2026: 17.mars


Klokka er no 16.47, temperaturen ute er +13 grader C, det er overskya og litt vind, men det er opplett.

I dag tidleg hadde eg tenkt meg på treninga, men eg fekk så mykje anna å tenkje på at eg gløymde  tida. Handa er ikkje god att enno og den er verst om morgonen.

Men eg kom meg på ein liten tur på Fonnvernet, i dag møtte eg ein som eg kjenner og prata med han. Det er så godt å komme seg ut litt og få litt mosjon. Her heime har eg gjort lite og ingenting, men har fått i meg litt mat. Marit hadde fått vore til frisør i dag og var blitt klipt, så eg måtte opp å sjå henne. Ho er så tolmodig, sit mykje i ro og åleine, men klagar ikkje.

Elles har eg fått ei god melding frå Rasmus, han kjem hit med fly torsdag morgon ca klokka 9,og reiser igjen på laurdag. Slik er planen i alle fall. Ser fram til at han skal kome-det er så kjekt.

I morgon skal eg liksom ha vaskedag, men eg får ikkje gjort all verda så lenga handa mi ikkje er god. Eg veit ikkje kor lenge eg skal gå slik og ikkje få gjort alt eg kan og vil.Tenkjer på hagen også, der er det alltid noko som må gjerast. Folk ventar vel ikkje så mykje av meg no når eg er så gammal, men sjølv har eg forventning om mykje eg skal gjere-

No er det vel begynt å vere vårleg og fint, men eg synest vi har hatt ein lett vinter med lite snø og kulde.



mandag, mars 16, 2026

Dagbok 2026: 16 mars

Her stod eg ovafor ALTI og såg mot nedste gata der dei byggar ei stort 4etasjer høgt hus heilt ned mot sjøen.  På andre sida av gata er det ei hus med mange små leilegheiter. No får dei som bur der ny utsikt.
 

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er +9 grader C, det er opplett on delvis skya.

I dag var eg også tidleg oppe for eg skulle på verkstaden med bilen min og den skulle eg levere klokka 10, og eg må alltid ha god tid når det er noko eg skal. Eg lurte litt på kva eg skulle gjere mens bilen var på verkstaden,men etter at bilen var levert tok eg meg ein lengre spasertur gjennom gatene og såg meg om, men der var ikkje så mykje å sjå.

Så var det ein tur på ALTI og kafeen under trappa, med kaffi og wienerbrød, klokka gjekk seint i dag, men eg tok ein tur på Clas Olson og der møtte eg ein eg kjende, som eg kunne prate litt med.Det siste påfunnet mitt var å gå tur i "Parken", ned mot sjøen . Eg tok mange bilde men eg har ikkje sett så mykje på dei enno-

Til slutt var eg lei av å gå så eg gjekk inn på verkstaden og sat og såg på at ein ein av mennene gjorde ferdig bilen min. Så betalte eg rekninga og køyrde opp til butikken og kjøpte det eg trong der. 

Då eg var vel i hus såg eg litt på papira som følgde med bilen og då fekk eg litt å tenkje på. For det var mykje som måtte gjerast, så mykje at det ville bli veldig dyrt.

Så vart det diskusjon innafor familien om kva eg skulle gjere-ingen meiner at eg skal koste på bilen så mykje, og somme meiner eg skal klare meg utan bil, andre kan vel meine at eg kunne få meg ein annan bil etc. Eg meiner sjølvsagt at eg treng ein bil, særleg no då er har blitt vand med å køyre sjølv . Det er ein fridom eg ikkje lett vil miste.

No skal eg sjå om der er nokre bilde på telefonen som er brukbare.

                                                 I parken mot sjøen
                                                                  På verkstaden

søndag, mars 15, 2026

Dagbok 2026:15. mars

Kvar gong eg går forbi her tenkjer eg som så:Ja til sommaren skal eg ta med meg ei flaske brus og sitte her og kose meg-lenge.

Klokka er no 20.00.temperaturen ute er  +7 grader og det er overskya og bekmørkt . Eg veit ikkje nøyaktig kva ver vi har hatt i dag, for eg har vore mest inne. Og åleine, så då skjer det ikkje mykje, men det kan vere like godt. Eg hadde ikkje noko spesielt eg skulle gjere, så det har gått mest på TV og diverse mat.

Men eg fekk meg ein runde på Vernet og det se ut til at det går bra med føtene miine. Trefte folk i dag også ,men ingen eg kjende. Då eg kom heim laga eg middag, men elles har dett vore veldig roleg i dag, men eg har sett nokre bra program på TV. Det går bra med TV sjølv om eg berre har den svarte fjrenkontrollen.

I morgon skal eg stille opp på bilverkstaden klokka 10. Då får eg stå litt tidleg opp så eg får rydda litt i bilen-kanskje. Eg lurer på kor lenge sjekken tar og om eg skal heim i mellomtida. Før var det så enkelt for då brukte Marit og eg å køyre kvarandre opp og ned når vi hadde bilane på verkstad. Slik er det ikkje lenger. Men viss det ikkje tek så lang tid kan eg no vere på ALTI ei stund.

Eg har ikkje mykje å skrive om, det skjer ikkje så mykje når eg er her åleine.

Her skulle eg prøve å få med mest muleg av Ørsta-byen på bildet. Det vart ikkje så bra. Men eg kom på ei lita jente i 1.klasse for mange år sidan..... Vi var oppe på setra, eg veit ikkje om det heiter Mo-setra? Men eg hugsar at elevane skulle skrive litt om turen etterpå. Det var ei jente som uttrykte det slik:"Då vi kom opp på setra, såg vi heile verda-og litt av Volda-

lørdag, mars 14, 2026

Dagbok 2026: 14.mars


 Klokka er no21 00, temperaturen ute er +5 grader og i dag har det vore opplett, men ikkje mykje sol . Eg tulla mykje før eg kom i gang med noko i dag, for eg hadde ikkje planlangt noko særleg. Eg hadde tenkt meg på butikken, men det vart ikkje noko av.

I staden vart det ein tur på Vernet for veret var ikkje så verst bra,På vegen møtte eg naboane mine, og eg nytta høvet til å spørje manne om det var lurt å få på sommardekk når eg likevel skal på verkstaden påEU-kontroll. Nei, sa han, vent til april, då skal eg legge dei på til deg. Det var ein god plan, meiner eg. Eg trefte ikkje kjentfolk på Vernet i dag, men det var fint å gå der no.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat. Elles driv eg og strevar med den vanskelegaste sudokuen i Møre Nytt. Før løyste eg alle så å seie, men etter at avisa vart forandra har eg måtta gi opp nokre av dei vanskelege sudokuane- eg likar det ikkje. Eg synest eg får gjort altfor lite no når eg har den vonde handa, og sp tenkjer eg på korleis det skal bli om eg ikkje blir bra før eg skal til å stelle i hagen. Men det kan no hende eg blir betre til den tid.

I morgon er det søndag og eg har ingen planar for dagen men det gjer ikkje så mykj, Viss veret er bra kan eg alltid finne på noko.

No har eg sete og set Monsen på TV-eg likar å vere med på turane hans på stader der eg aldri har vore og aldri kjem.



                                       Trappa opp-45 trinn


torsdag, mars 12, 2026

Dagbok 2026: 12.mars


                                            Ikkje meir snø og is no.

Klokka er no16.20, temperaturen ute er +9 grader C, det er overskya og regnar litt. Eg saknar sola. Dette har vore ein keisam dag til denne tid, og det kan eg berre takke meg sjølv for. Eg hadde så smått tenkt meg innom treninga i dag,men så somla eg så mykje at det blei for seint. Men no håper eg på å bli friskmeld neste veke. Eg er så lei av å ikkje få gjere nokon ting-nesten.

Men eg fekk meg i alle fall ein tur på butikken for å handle litt meir mat. Eg har hatt ei panne full med fårikål ståande i frysaren sidan i haust. Forferdelig dumt å fryse alt i eitt i staden for å dele opp. Men i dag tok eg opp heile greia og fekk tina og kokt opp. Eg hadde ikkje lyst på det, men kokte det opp og åt så mykje eg orka av det, for eg likar ikkje å kaste mat.No er det slik at fårikål ser mykje ut , men heldigvis er det mykje bein, så eg trur eg greier resten i morgon. Eg vart i alle fall veldig mett i dag, så det blir ikkje noko snoping mellom måltida.

Eg skal ein tur opp til Marit når det lid på, etter at sjukepleiaren har vore der. No har eg sete og sett litt TV , det er ikkje så mykje anna å finne på. Ute er det regn, og strikke kan eg ikkje, og ikkje så mykje anna heller.Ein må ha hender til det meste.Eg har trudd at eg skreiv berre med høgre handa på tastaturet, men då eg såg etter oppdaga eg at eg brukte begge, men eg har aldri lært maskinskriving  så eg gjer det sikkert ikkje rett.

onsdag, mars 11, 2026

Dagbok 2026: 11.mars


 Klokka er no18.26, temperaturen ute er +9 grader C og det regnar litt innimellom. Det var litt vind ei stund også, men den stilna fort.

I dag har eg vore heime og vaska og rydda litt. Eg får enno ikkje gjort alt eg vil på grunn av den vonde handa mi. Etter at eg var ferdig med husarbeidet la eg meg ned på dagsenga mi og sovna. 

Eg var i bra form då eg vakna så då gjorde eg meg klar for ein tur på Vernet. Eg har tenkt at eg skal gå den turen annankvar dag, eg gjekk i går, men det vart feil vekedag , derfor måtte eg gå i dag også. I dag kom eg i prat med ei dama, ho hadde mannen sin med, men han var ikkje så pratsom. Ho ville no for eksempel vite kor gammal eg var. Mora hennar var to år eldre enn eg og ho var systera til Karen Høydal, som eg kjenner. Det er litt artig å prate med vilt frammande folk, for som regel finn ein ut at ein har noko felles-på ein eller annan måte.

Eg er ikkje bra i handa men eg må kaskje gå på treninga i morgon likevel, så får eg handle på heimvegen, det er alltid noko som manglar i kjøleskapet, til tross for at eg er her åleine.

Det blei ikkje til at eg gjekk opp til Marit i dag, men vi får ta det att i morgon,kanskje.

tirsdag, mars 10, 2026

Dagbok 2026: 10.mars

                                                      Sol over Helgehornet

No er klokka ca18.30 og det har begynt å mørkne ute.Eg kom att frå ein tur på Vernet  for ei lita stund sidan. Eg prøver å gå annankvar dag for å sjå om venstrefoten toler såpass mykje

Elles har det vore litt av kvart eg har gjort i dag. Det første var sjølvsagt at eg stod opp og gjorde meg klar til ein tur på butikken , før eg gjekk på legesenteret der eg hadde time med legen min for- siste gong. Ho skal nemlig gå av med pensjon til sommaren. Eg synest det er leit at ho sluttar, men unner henne å få vere pensjonist.

Då eg kom heim fann eg meg litt middagsmat frå i går, og når eg sit det og et slår det ein tanke ned i meg: "Eg betalte ikkje på legesenteret i dag." Full fart på med sko og ut i bilen, så var det berre å køyre beine vegen ned og der fekk eg betalt det eg skulle og så var det heim att. 

Marit ville gjerne at eg skulle komme opp ein tur, så det vart neste post på programmet. Der var eg til dei skulle ha middag, då gjekk eg heim og tok på meg meir klede før eg gjekk på Vernet. Der var nokre andre som gjekk tur også, og eg møtte Matias prest og kona ; dei stoppa og prata litt og det var no kjekt.

Det har vore ein litt "travel" dag, men eg likar at det sker litt. I morgon skal eg ha vaskedag trur eg, eg har flytta dagen for vask frå fredag til onsdag, så får eg betre tid til sudokuen på fredag.

Eg har ikkje ete så mykje i dag, så no må eg finne meg noko godt-fordi er fortener det.
 

mandag, mars 09, 2026

Dagbok 2026: 9.mars

Det har vore veldig lite snø i fjella denne vinteren

Klokka er no 17.40,temperaturen ute er +9 grader, det er overskya og litt vind. Tidleg i dag var det fin sol ute. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere, men eg kom ikkje i gang før eg hadde fått i gang telefonen min-og det tek si tid.

I dag skulle eg på verkstaden og snakke om EU kontroll, men eg var ikkje heilt klar til å sette frå meg bilen, for den må eg ha i morgon når eg skal til legen på halvt-års-kontroll. På vegen nedover kom eg på noko, viss eg venta litt med EU-kontrollen så kunne eg få sett på sommarhjula på samme tid. Eg snakka med han på verkstaden og han meinte vi kunne vente ei veke. Kor lurt det var vil eg ikkje uttale meg om. Eg veit til dømes ikkje kor bra sommarhjula er etc. Skulle hatt Rasmus her- For å vere heilt ærleg så har eg ikkje så mykje vet på bilar-enda eg vaks opp med ein far og ein bror som visste det meste om dei. Dei informerte vel ikkje meg så mykje.

PÅ veg heim att var eg bortom grava og der såg alt fint ut. Julekransen var like fin og ein lyngplante hadde også greidd seg fint over vinteren.

På heimvegen var eg innom KIWI og handla litt mat og då eg kom heim var eg opp til Marit og prata ei stund. Ho vil gjerne at eg  skal komme på besøk og vi har det kjekt i lag.

Eg laga meg skikkeleg middag då eg kom heim, det gjer eg ikkje så ofte. Så sette eg meg i godstolen og såg TV-mens eg slappa av. I dag skal eg ikkje gå på Vernet, det klarer seg med annankvar dag, blir det oftare kan det bli for mykje for eine hofta, som ikkje er heilt god. Det er mykje som melder seg etter kvart som åra går,men det tek lit tid å forstå korleis det er å vere gammal.

søndag, mars 08, 2026

Dagbok 2026: 8.mars

Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte ei som eg kjenner godt, så vi fekk ein lang prat. Ho var Rasmus sin lærar i barneskulen, så vi var kollegaer den tida. Det er ikkje så mange av dei eg jobba i lag med som er att,  det er litt trist-.

Eg vakna og stod opp i vanleg tid i dag, men då eg sette meg til å sjå TV sovna eg igjen. Eg hadde ingen planar for dagen og visste ikkje om det kom nokon.

Eg prøver å variere turane på Vernet,kva vegar ein går til og frå og kva veg ein tek runden, I dag starta eg med å gå baksida.dvs. MOT SOLA (rangsøles sa dei i gamle dagar) Eg åt før eg gjekk ut, men no skal eg ha meg ein kaffikopp og sette på TV. Venstre foten min er ikke heilt god, så eg kan ikkje gå lange turar kvar dag. Dessverre-
 


lørdag, mars 07, 2026

Dagbok 2026: 7.mars

 

Klokka er 22.38, temperaturen ute er + 6 graderC, og det er litt vind. Det er mørkt ute no, men naboar  og gatelys lyser opp.

I dag har eg hatt litt problem med å forstå at det var laurdag, for eg syntest vi hadde laurdag i går. Eg gjekk ikkje på Vernet i dag, for eg kan ikkje overdrive på grunn av gamle utslitne føter. Eg fekk melding frå Solveig om at ho ville komme ein tur innover på ettermiddagen, så eg var ein tur opp til Marit føre middag.

Solveig kom som planlagt og hadde med ein fin potteplante til meg. Og ein stor haug med blad som ho kjøper på grunn av strikkemønster etc. Ho kom i den gamle bilen, for el-bilen som dei skal kjøpe er ikkje konen enno. Ho lurte på korleis dei skulle få bilen frå Japan og hit no når det er krig.

Solveig var her ikkje så veldig lenge for det er skuledag i morgon. Når dette skuleåret er slutt skal ho bli pensjonist. Det er noko å sjå fram til, både for henne sjølv og for meg og andre i familien.

Eg forstår liksom ikkje at det er sundag i morgon for eg synest det har vore sundag i dag.Men no skal eg inn og høyre nyheiter for det har eg ikkje gjort før i dag.

                                        Gatelyset lyser opp


fredag, mars 06, 2026

Dagbok 2026: 6.mars



 

Klokka er no ca 18.00, temperaturen ute er+4 grader C, og det har vore ein fin dag med sol frå nesten klar himmel.

Eg vakna nokaså tidleg i dag og stod opp og åt frokost.Men eg kjende at eg måtte slappe av meir, så eg gjekk og la meg i senga og sov litt til. Etterpå hadde eg ein lang prat med kusina mi i telefonen.

Eg tenkte igjennom kva eg skulle gjere i dag, og det første blei å fare på butikken, Eg hadde mellom anna ein stor sekk med flasker som eg skulle pante.

Då eg kom heim att var veret så fint at det frista lite å gå i hus, så eg bestemte meg for ein tur på Vernet. Og så passa eg på at eg hadde straum på telefonen så eg kunne få ta bilde.

Det var fint der oppe i dag og eg trefte folk som eg kanskje kjende litt. I dag var der verken is eller snø, så det var fint å gå der. Det var den første runden min i år, men ikkje den siste får eg håpe. Eg blir no eit år eldre for kvart år eg også og no blir eg snart 86, så eg kan ikkje forvente å vere sprek som ein ungdom.

Det som er så fint oppe på Vernet er at der står benkar langs vegen, så ein kan sitte og kvile seg og slikke sol på turen.

          Her er steintrappa med 45 trinn så der kan bli litt ekstra mosjon.

Oppe på sjølve fonnvernet er det flott utsikt mot heile bygda og vel så det.

Eg blir aldri lei av å gå der oppe og sjå utover.



Eg vil ønske alle ei god helg, sjølv om det er mykje problem i verda akkurat no-
og det ikkje er så kjekt å sjå nyheiter akkurat. Eg skulle ønske dei kom til ei fredeleg løysing, men det ser ikkje slik ut.
Vi får håpe på det beste





torsdag, mars 05, 2026

Dagbok 2026: 5.mars


 Klokka er no17.00,temperaturen ute er +12 graderC, det er overskya no, men vi har no sett sola i dag også. Eg sov godt sisr natt, betre enn på lenge, Handa mi er ikkje heilt god, men betre enn den var. Eg gjekk likevel ikkje på trening,for eg vil vere sikker på at handa toler det. Eg har heller ikkje gjort så mykje i huset, men det var no ikkje så mykje som skulle gjerast i dag sidan eg vasaka i går.

Men då eg såg ut på det fine veret, tenkte eg at eg kunne rydde opp litt nedanfor garasjen, Dei buskene var blitt altfor store og låg framover heilt ned på graset. Så dei klipte eg i dag. Eg begynte også å plukke opp singelen som har følgt med snøen ned på graset. Eg lyt nok ta ein runde til der. Eg såg mylkje anna eg kunne gjere, men dessverre sa ryggen stopp. Eg håper eg kan bli litt betre til eg skal gjere meir i hagen- for det arbeidet likar eg.

Eg sette no på TVen då eg kom inn att , men der er det berre krig og elende, så det er ikkje kjekt i det heile tatt. Eg forsttår meg ikkje på at somme VIL ha krig, dei krigar vel ikkje sjølve-men sender soldatane ut.

Ein ting har eg gjort i huset; sett på klesvask, så no må eg hente kleda opp frå kjellaren. Vi har det godt med maskinene våre, men eg ønsker å bli bra i hendene igjen så eg kan strikke om ikkje anna.


                                                                   Her er litt meir å gjere,

onsdag, mars 04, 2026

Dagbok 2026: 4.mars


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er+7 grader, det har vore overskya i dag, men sola kom fram litt no på ettermiddagen; som de ser på bildet er det ikkje meir snø igjen på plenen vår, men på baksida av huset ligg der enn ein god del snø- Men vi har hatt ein lett vinter, ikkje mykje snø og kulde . Så no håper eg vi får ein fin vår også.

Eg er framleis låk i høgre armen min, og kan ikkje gjere alt eg har lyst til av husarbeid, strikking etc. Eg veit ikkje om eg skal gå på trening i morgon , eg var der i går, og eg trudde det skulle gå bra, men eg verkte i handa/armen i heile natt. Likevel tok eg ein lettare fredagsvask i huset i dag, men der får våge seg at eg kjenner litt etterpå.  Eg har også vore opp til Marit ei stund.

Det har vore mykje tull med TVen min,men Erlend har fått den til å funke igjen. I dag når eg sette på blei det mykje tull før eg fekk inn rett program, eg har enno ikkje fått den nye fjernkontrollen, men den må no snart komme no. Den skal komme i postkassa, seier Erlend. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal på trening i morgon, eg får sjå korleis det står til når eg er oppe. 

Tysdag skal eg til legen min for siste gong, ho skal bli pensjonist, og det synest eg er trist -for meg, for då må eg få ny lege og det er ikkje sikkert at det blir så kjekt.

Litt snø har vi igjen nedst i hagen.

Skal tru kva tid vi må 
begynne å klippe plenen



tirsdag, mars 03, 2026

Dagbok 2026: 3. mars



Klokka er no16.25, ute regnar det og temperaturen er ca 4graderC, det er eit kjedelig ver, men vi har hatt så mykje fint ver denne vinteren at vi må tole nokre regndropar.

Dette vart i grunnen ein kjedeleg dag også, sjølv om eg kom meg opp og på trening; eg trenar føtene no når eg ikkje kan trene høgre armen, for den er enno ikkje god.

Då eg var ferdig med treninga sa eg slik som vi plar gjerde på torsdagane: GOD HELG, eg var sikker på at det var torsdag i dag. Men det var det altså ikkje.

Eg hadde ærend på ALTI i dag både på apoteket og Europris og så handla eg litt på KIWI på Vallabøen,- der er KIWI-butikk i Vik også.

Då eg kom heim tok eg meg litt mat og så skulle eg sette på TV-en. Det gjekk ikkje!

I går brukte eg den svarte fjernkontrollen heile dagen, og det gjekk heilt fint. I dag var den heilt død, og eg veit ikkje om dei har fått den nye som Erlend bestilte på butikken i Furene.

Og Erlend har ikkje vore heime så eg har ikkje hatt han til hjelp. Han kjem heim no snart og då får vi legge ein plan. Eg kan sjølvsagt hente den sjølv, men eg må vite kva namn han har sett på bestillinga og om den er komen til butikken.

Det var godt at eg såg så mykje tV i går, når det vart så lite i dag.Men heilt vekk-kasta vart ikkje tida, for eg fann fram ei fin bok som eg hadde fått til 60- årsdagen med tanteborna på Eid. Det er ei flott bok om kyrkja på Eid, med fine bilde både av kyrkja og av folk, til dømes konfirmantar og søndagskulebarn der eg fann både meg sjølv og andre som eg kjende. Det er lett for at bøker blir ståande i hyllene og ikkje kjem fram så ofte-og det er litt dumt.

Og så var der no mange fine bilde også av prestegarden , der vi budde i forpaktarhuset til eg var 6 år.

Hadde eg ikkje vore låk i armen så kunne eg no fått gjort eit kvart skikkeleg arbeid,men det ser ut til at eg blir sjukmeld ei stund til. Men det er no for tidleg å begynne ute i alle fall.Og litt husarbeid greier eg no gjere.

mandag, mars 02, 2026

Dagbok 2026: 2.mars


 Klokka er no19.25, temperaturen ute på trappa var + 9 grader C, eg trudde knapt mine eigne auge, men det samme står det her på skjermen, Og i tillegg var det ein varm vind ute.

Dette har vore ein underleg dag for meg. Nesten heile dagen har eg sete framfor TV-en og sett og høyrt om"krigen" i Iran. Eg har hatt Atlasen med meg og forstørrelseglas-og prøvd å få med meg kva som har hendt, og kva som vil skje vidare. Det har ikkje vore så kjekt, men om eg ikkje ser på TV så blir eg no gåande å tenkje på det som skjer og som eg ikkje heilt forstår.

Men rettt skal vere rett -eg tok ein avstikkar og gjekk ein tur på Vernet, samme ruta som i går, Det var ikkje mykje som hadde smelta over natta, så eg gjekk ikkje øvste vegen i dag heller. Då eg kom heim att bevilga eg meg litt mat før eg sette meg til med fjernsynet igjen. Heldigvis er TV-en heilt prima endå han ikkje har rette fjernkontrollen. Eg skulle ha vore på ALTI , men utsette det til i morgon,når eg likevel skal nedover. 

I morgon skal eg på trening igjen, men eg treng ikkje trene den vonde handa. Ho er no elles ikkje så vond berre ho får fred, men eg kjenner det godt heilt opp i skuldra når eg skal gjere noko. Det blir kanskje bra ein gong, No prøver eg å skrive med begge hendene på tastaturet, det skulle eg ha lært meg før.

                                                           No ventar vi på VÅRSOLA

søndag, mars 01, 2026


 Ny månad, MARS, med bilde av meg og dei to oldebarna mine ,Amund og Tobias.

 Klokka er no16.05, litt tidleg å skrive blogg, men eg trur ikkje det hender så mykje meir i dag, eg er heime og aleine , og det har eg vore i heile dag. Det er heilt greit , men eg skulle ønske eg kunne bruke hendene mine litt meir. No har eg sete og høyrt musikk på datamaskina, ei lang stund  Men eg har no vore ute ein tur tidlegare i dag.

No trudde eg det skulle vere bra å gå på Vernet igjen, rekna med at der var bert, så eg gjekk i vanlege støvlettar.. Eg kom ikkje så langt før eg såg at det ville bli problem, fordi der var mykje is både her og der, Den vanlege vegen opp gjekk ikkje, men eg tok den vegen som ligg nedanfor sjølve Vernet og kom meg opp til trappa så vidt.

Oppe på Vernet var der også snø og is,, men det var midt i vegen, på sidene var det bert.

Her var det fint å gå, og så kjekt å komme opp der igjen og sjå den fine utsikten.

                                                  Og sola er alt høgt over Melshornet.

Eg håper at eg blir i form til å gå denne turen veldig ofte heretter, for det er så overkomeleg om ein ikkje er så altfor sprek. Og ein treffer alltid ein kvan å prate litt med anten ein kjenner dei eller ikkje.

Etter at eg kom heim sat eg litt på altanen, men der var det ikkje så veldig varmt, så eg gjekk i hus og tok meg litt mat før eg sette meg inn til datamaskina. Eg kunne tatt bilen og køyrt ein tur viss eg ville, men det er ikkje så kjekt å fare åleine. det er mykje eg ikkje kan gjere når eg har ei låk hand, men eg håper på å bli bra om ikkje altfor lenge. Eg har i alle fall registrert at det ikkje er lurt å prøve seg på litt krevande oppgåver.  Det er no verre for Margrete å ha ei vond hand enn det er for meg.


Dagbok 2026: 9.april

Klokka er no 18.36, temperaturen på trappa er +11grader C, det er overskya no, men opplett.  Det har ikkje hendt så mykje i dag og eg har he...