fredag, november 21, 2025

Dagbok 2025; 21.november

 


Klokka er no15.47, temperaturen ute er + 1 grad, men eg veit ikkje om det er snø eller regn som kjem ned; har ikkje vore så mykje ute i dag. Eg presterte å ligge til klokka var nærmare 9 i dag, dvs. eg stod no opp eit par gonger og la meg igjen. I dag var det vaskedag, og eg har både vaska og støvsuga, tatt ut oska og kveikt i omnen.Må ha litt vedvarme attåt varmepumpa.

Då eg var ferdig med vaskinga gjekk eg ut og henta avisa, Møre-Nytt. Den avisa har endra seg veldig i det siste. no får vi lange artiklar om diverse folk og hendingar, Men eg har sakna sudokuane, så gleda var stor i dag då eg såg at der var ei heil side med sudokuar, kryssord etc. 

Så snart eg hadde rydda vekk lunsjen min, var det  å gå laus på sudokuane. Dei to første gjekk som smurt, det var den lette og den "Middels", den vanskelege er nesten ferdig den også, men det spørs ?

Eg har no jobba aldri så lite med spanskleksa også. Men strikketøyet har ikkje kome fram enno. Eg har ikkje vore på butikken i dag, der brukar eg å vere laurdagane før middag. Rasmus skriv og åtvarer meg om glatte vegar, men her er det no meir som ei sørpe,eg trur ikkje snøen smeltar så fort -det var berre ei varmegrad ute no.

Søndag skal er få vere med å "feire" Erlend som fyller 22 år på mandag. Lett å hugse datoen hans, sidan det er akkurat ein månad før julaftan.

Eg skulle ønske vi fekk litt mildare og finare ver no, men eg er nøgd berre vi ikkje får det for kaldt og -for mykje snø.

No står det berre att å ønske alle ei fin helg-uansett ver.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 12.desember

  Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...