fredag, november 21, 2025

Dagbok 2025: 20.november

Vakker morgon i dag.

 Klokka er no 18.50, temperaturen ute er minus 4 grader C, men det har vore ein fin dag med sol og klår himmel,  Det gjekk fint å køyre til treninga i dag, trur dekka mine er veldig bra. Etter at vi hadde vore på trening var Marit og eg invitert til kaffibesøk hos den andre Marit. Og der var det litt annleis enn når Marit og eg går til kvarandre, Fin duk, fine koppar og fin mat. Vi såg på klokka då vi gjekk heim, vi hadde vore der i 3 timar.  Men vi hadde hatt det kjekt og prata om mangt og
 mykje. 

Eg kveikte i omnen då eg kom heim og sette meg til med ein forbaska lest som eg strikka på i går; strikka og rekte opp att gong på gong, det var heilt utruleg at eg skulle bale sånn med ein lest, eg stikkar no ein lest nesten kvar dag. Det vart litt att og fram i dag også, men no er den ferdig-eg nektar å ta opp att fleire gonger.Og så har eg lova meg sjølv at eg skal skjerpe meg litt.

I morgon er det heimedag og vaskedag, og det er meldt mildare ver. Vi snakkar om at det har vore kaldt nokre dagar, men eg hugsar då vi kom til Ørsta for å bu her, for 60 år sidan. Då stod gradestokken på minus 21,dag etter dag og vi fyrte på spreng. Solveig og Rasmus var 1 og 2 år gamle, og Rasmus kom knapt nok ut heile vinteren. 

No ser eg fram til søndag, då skal eg i bursdagsselskap til eitt av barnebarna, han som bur her i sokkelen hos meg, han har fødselsdag akkurat ein månad før julaftan.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 12.desember

  Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...