søndag, mai 18, 2025

Dagbok 2025:18.mai

Klokka er no 21,44, temperaturen ute er +  grader og sola skin-på Melle, men ikkje her, vi har ikkje sein kveldsol her.

Denne dagen har vore skikkeleg "dagen derpå" for meg. Eg la meg ikkje før halv tre sist natt, men stod opp klokka 6 i dag morgon. Men eg var ikkje trøtt, og på føremiddagen fekk eg gjort litt av kvart ute. Eg måtte til å vatne blomsterbedda for det var veldig tørt, så vart det til at eg klipte litt her og der, og tok litt ugras rundt om kring. Viss døtrene mine vil ha mørkeblålilla klatreplantar , må vi ta dei no snart, (eg hugsar aldri namn med det samme eg skal seie dei).Eg har ikkje gått på Vernet i dag, kan ikkje overdrive slik at eg blir gåande med låk fot/hoft. I morgon har eg tenkt at eg må minst ein tur på VØR med hageboss. 
Eg har sete oppe på benken med Marit eit par gonger i dag, elles har eg strikka og sett TV. Eg vart litt trøtt no når det gjekk mot kveld, og npo kom eg på at eg skal ete kvelds. Middag har eg ete før i dag, det vart pølser og stappe -som i går.
Hadde problem med å få skrive her, men så hugsa eg på Caps Lock.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...