fredag, april 11, 2025

Dagbok 2025. 8.mars



Klokka er no 17.87,temperaturen ute er +10 grader, det er overskya og skodde og så regnar det, stort verre kan det ikkje bli. Eg merkar det på humøret . Og tiltaket ;det blir ikkje tur på Vernet i dag!

I går kveld fekk eg eit alvorleg problem med TV-en, eg miste den norske teksten som eg har på alle program. Rasmus hjelpte meg å få det til sist haust og etter det har alt gått av seg sjølv-heilt til no, teksten har kome på heilt av seg sjølv så eg har ikkje tenkt på det ein gong. Eg prøvde å få det til i går, men eg hugsa ikkje kva eg skulle gjere, Lappen som eg hadde skrive det på har eg kasta. Eg kontakta Rasmus og han spurde om eg hadde sett i boka. BOKA det er ei bok eg har fått av Solveig til å skrive opp passord etc. for eg gløymer heile tida.

Eg trudde ikkje vi hadde skrive opp dette, men det hadde vi! og eg fekk det til!!!!så eg kunne legge meg utan å tenkje meir på det. Det funka i dag også, ikkje med det samme, men eg fekk det til-og er litt stolt av det; som regel når det er noko gale på maskinene mine, brukar eg å sende ei melding til Helge. Det slapp eg no-men eg må fram med boka kvar gong eg skal starte opp. Sånn var det før også, men etter ei tid ordna maskina opp sjølv.

I dag har eg tatt fredagsvasken, eg har vaska klede etc. Men det er ikkje råd å få gjort noko storarbeid, verken ute eller inne, når det er slikt ver. Eg synest litt synd på dei som skal ha påskeferie viss det ikkje blir betre ver. Det er ikkje synd på oss som har heilårsferie-men vi vil no gjerne ha fint ver vi også. Og mykje fint ver har vi hatt hittil i år,så vi skal vel ikkje klage.

Eg sat og strikka i går, til tross for at høgre tommelen min har ei "sprekke" no igjen så det er vondt når eg skal gjere noko. Eg har slike sprekker ofte, helst om vinteren.

I morgon fylle Anne Marie, systra til Nils, 90 år. Ho bur no på ein "heim" i Gulen, på sørsida av Sognefjorden, Trovågen ligg på nordsida. Eg hugsar då mor deira vart 90 år, då var det feiring på Hardbakke i Solund - og heile slekta var der. Ho hadde forresten fødselsdag på samme dato som Anne Marie, ho fekk sitt første barn på 20-årsdagen sin. Seinare fekk ho tre søner, berre den yngste lever att no.

Det ser ut til at skodda kan lette og då kan det bli ein liten tur......kanskje.Det har vore typisk heile våren at det skin opp mot kveld.


                         Bilda har eg tatt frå altanen og nedover

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...