søndag, april 06, 2025

Dagbok 2025: 6.april


 Klokka er no20.35, temperaturen ute er + 6 grader og vi har hatt enda ein fin dag, Ikkje varmt akkurat men mykje sol,

I dag vakna eg ikkje før klokka nærma seg 9, så då kunne eg stå opp på skikkeleg måte.  Eg hadde litt å gjere  på føremiddagen og så kom Marit ned ein tur, ho hadde så lyst å høyre Amanda joike, men eg hadde ikkje funne det pådatamaskina då, eg fann det seinare på dag. Marit og familien hennar i fleire generasjonar har vore interesserte i musikk, og der er mange musikarar i slekta enno.

Marit skulle på konsert i dag også, men eg tok ein tur på Vernet, der var lite folk i dag enda det var søndag, då brukar det å vere fullt opp av turgåarar. Dåå eg hkom heim att laga eg meg litt mat og så har eg sete og strikka og sett TV i timesvis. Eg har sett opp att mykje av serien om "Pølsa", eg hadde sett mykje før  men ikkje alt. Eg set sjølvsagt og strikkar langsmed, for eg greier no ikkje å sitte heilt i ro så lenge.

Eg ser no at vi begynner på veke 16 i morgon og då skal eg ha "Møte" med gamle kollegaer frå Velle. Vi er 5 "damer" som jobba i lag på skulen i mange år. Vi var no ein større flokk før, men det tynnast ut i rekkene. Onsdag er det siste spansk-timen før ferien. 

Elles så veit eg ikkje meir om kva som skal skje framover, men det vert vel både bursdagar og konfirmasjon  på sikt.

Eg synest berre det er så trist og vondt at det skal vere så utrygt i verda. Aldri før, i mi levetid, har ein snakka om kva ein må ha på lager i tilfelle krig etc.Og han som skulle skape fred, sa han, han har gjort det stikk motsette. Eg orkar ikkje å tenke så mykje på det- men gjer det vel likevel.

Nedanfor garasjen er der eit bed, der eg plantar ut diverse som dukkar opp, puttar nedi løkar etc,Der kjem opp litt av kvart i løpet av sommaren.Tulipanar er på veg no.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:13.april

Klokka er no17.00, temperaturen ute er +15 grader , det er overskya , men opplett, men maskina spår regn. Ikkje akkurat slik ein vil ha det ...