lørdag, april 05, 2025

Dagbok 2025: 5.april


Klokka er no 22.17, temperaturen ute er + 3 grader og vi har hatt ein strålande dag, med sol frå morgon til kveld.

Eg tenkte meg på butikk og på grava i dag og spurde Marit om ho ville vere med og det ville ho.Eg var ikkje fornøge med plantinga mi, og ville ha litt meir blomster på grava, men i dag var der lite å velje mellom på butikken, men eg kjøpte no litt som eg fekk planta i dag også.

Elles har eg gjort fint lite anna enn å ete og strikke og sjå TV. Men eg gjorde ganske mykje i går.

Det vart tur på Vernet i dag, merkeleg nok var der ikkje mykje folk, men det var veldig fint der oppe i dag. Når eg går turane mine ser eg meg alltid omkring i naturen, kva som veks og blomstra til dømes I dag fekk eg sjå eit tidleg vårteikn, det var hestehov som blomsta ned i mellom steinane ved vegen.


Då eg kom heim att tok eg meg litt mat og strikka litt og såg TV. Eg såg fram tiå sjå Stjernekamp og tenkte at Marit kunne komme hit og sjå, men ho var først ute og ville at eg skulle komme opp til henne, så slik vart det. Eg er skuffa over dette programmet, det er noko heilt anna enn det som før var Stjernekamp, så dei skulle ha tatt eit anna namn på det. Men no gidder eg ikkje å ergre meg meir over det.

For morgondagen har eg ingen plan, anna enn å gå turen min. Sist natt sov eg godt og stod ikkje opp før klokka 9 i dag. Det er lenge sidan sist eg sov ei heil natt.Elles går eg og vatnar og steller med alle dei fine blomstrane som eg har fått. Eg unngår å fyre i omnen, så får vi sjå om dei lever lenger enn dei eg har fått/kjøpt før. Eg skreiv visst ikkje GOD  HELG i går-men helga er ikkje slutt enno.


Når eg sit på siste benken ser eg rett bort på Melle, der vi budde første tida vi var i Ørsta. Det varte lenge ut på våren før vi fekk sol heile dagen, eg trur dei har i alle fall litt sol no-men ikkje heile dagen. (Litt dumt å sitte på benken og ta bilde-for så kom heile vegen  med.) No skal eg finne meg litt kveldsmat og så skal eg sjå nyheiter, Såg før i dag at dei ikkje er så fornøgde med TRUMP lenger -borte i Amerika. Ja, dei har no valt han!!!!!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 10.april

Klokka er no 16.10, temperaturen ute er +6 grader og det regnar MYKJE.Eg kom nettopp att frå Vik -der måtte eg gå med paraply i dag ,eg park...