onsdag, november 20, 2024

Dagbok 2024 : 20.november


Storebakken i dag

Klokka er no 17.13, temperaturen ute er 0 grader og det har vore opplett i dag. Det har på mange måtar vore fint i dag, vi har til og med sett sola ei lita stund.
Eg hadde ikkje lagt nokon plan for dagen så eg kom ikkje i gang med noko skikkeleg arbeid, eg hadde ikkje strikketøy ein gong. Mykje av tida gjekk med til å lage ein plan. 
Det første eg fann på i dag var å rydde opp i alle krydderboksar og posar. Eg oppdaga for litt sidan at eg hadde 6 glas med paprikakrydder, eg har berre kjøpt på nytt utan å sjå etter kva eg har. I dag rydda eg opp, og skreiv ned  kva eg hadde. Så får vi sjå om det blir orden på kryddene.
Klokka 14.15 tok eg på meg piggsko og vinterklede for å gå tur. Eg går ikkje på Vernet når det er snø, då går eg på vegane rundt på Vallabøen, Det var heilt nydeleg å vere ute i dag, ikkje kaldt heller, gradestokken stod på 0.
Då eg kom heim, hadde eg ein plan; då tok eg ned alle bilda på veggane i gangen, og det er mange, så vaska eg veggane og pussa glasa på bilda og hengde dei opp att-så er det gjort til jul. 
I morgon skal eg på trening og då må eg handle litt også; eg held på å gå på veggane fordi eg ikje har strikketøy, så eg må få kjøpt meg noko garn. Eg har ikkje sett TV i heile dag, fordi eg ikkje har strikketøy. Eg greier ikkje å sitte i ro med hendene i fanget-trur eg.Eg får no prøve å få med meg dagsnytt.

                                                                       Lyngvegen i dag

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...