torsdag, mai 23, 2024

Dagbok 2024:23.mai


Klokka er no 19.13, temperaturen ute på veggen ute er + 25 grader, men eg trur det er varmare inne, det kjennest slik ut. Det er ikkje klårt , men skyene er lyse og lette.

Eg har hatt ein aldeles artig dag i dag. Først var eg på trening, så vatna eg i hagen, mens eg venta på at Margrete skulle kome, for ho ville ha meg med på biltur i dag. Det vart ikkje ut mot havet denne gongen, men inn i Honndalen.Det er så fint å køyre innover der, og så visste eg om ein butikk der inne som sel dameklede blant anna.

Eg fann meg ei bukse som eg slepp å legge opp og bevilga med ein ny topp til. Vi gjekk bort på hotellet for å sjå om dei serverte mat. Det gjorde dei, men vi måtte opp i 2. etasje, der vi vart servert av ein engelsk "kelner"-i alle fall snakka han engelsk, men det var no ikkje noko problem når ein har ein engelsk- lærar med seg- Det var ein litt spesiell meny vi sette i hop. Men det var no godt. 

På Heimvegen var vi innom Plantasjen og handla mold og blomster, før vi køyrde rundt Berkneset og heim. Takk til Margrete for ein kjekk tur i dag. I morgon får eg prøve å komme meg bort på VØR med alle sekkane mine.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...