tirsdag, mars 05, 2024

Dagbok 2024: 5.mars

 Klokka er no 19.00, Temperaturen ute er + 5 grader og det er skya. Elles har det vore ein fin dag med mykje sol, men dessverre har eg hatt nokre problem innimellom. Marit og eg var på trening 10-11, og eg kjørte. Eg var innom bilverkstaden og tinga plass til bilen min, før vi køyrde heim. Så skifta vi og Marit køyrde sin bil og eg min, ned til verkstaden, der eg sette att bilen min og så køyrde Marit heimover og vi handla på KIWI. 

Dei ringde frå verkstaden og sa at dei var ferdige med bilen min, då var klokka ca 14- Dei nemnde også dei to små feila dei hadde funne, det mangla ei pumpe til vidusspylervæska.( Den som vi prøvde å få på plass sist søndag,) og så var det litt skade på ein felg. SÅ Marit køyrde meg ned, og eg tenkte å ta bilen min heim. Men så tilbaud dei seg å gjere ferdig bilen i dag. Dei baud til at dei kunne køyre meg heim, men eg ville heller gå i fineveret.

Då eg var komen opp  Haugegjerdet ringde dei frå verkstaden og etterlyste nøkkelen, om eg hadde tatt den i veska mi, men nei der var den ikkje. I lomma då, sa guten, og der var den. Vi avtalte at han skulle kome opp til KIWI og hente nøkkelen, og det gjekk bra, og så køyrde han meg opp att. Han trudde bilen skulle vere ferdig til kl.16.

Eg åt etc då eg kom heim , mens eg venta på telefon. Eg syntest fleire gongar at der var noko som ringde, men det vart ikkje noko av det og tida gjekk, og klokka vart over 16. Eg hadde rigga meg til med spanskbker og Google Translate. Då ringde Marit på telefonen sin. Det viste seg at det hadde vore noko trøbbel med telefonane i dag, men no var telefonen min i orden igjen, den også.

Så skulle eg inn på FB- men NEI det skulle eg visst ikkje. Det vart eit heilt styr med ny pålogging etc. og nye passord både her og der-og eg som hadde nok med spanskleksa fekk enda eit problem. Eg kava ei god stund før eg sende melding til Helge. Eg såg ikkje annan utveg, og han kom. Han hadde problem med å få det til , han også, og så fekk han ut ein heilt ny svensk person-det skulle liksom vere eg. Men under over alle under, til slutt fann han fram til den rette -nemleg meg. No har eg samme namn og passord som før.

Som de forstår har eg hatt det litt stressande i dag, og i morgon må eg GÅ ned til Spansken- men så håper eg at bilen står der fin og reparert og ventar på meg. Verkstaden ligg nær ALTI, så det kan hende eg går inn og kjøper meg noko godt viss alt er i orden.

Gudmund skulle køyre vekk greinene sine i dag, og han tok dei som eg ikkje hadde tatt i gå, så no slapp eg lett unna. Eg har mange gode helparar, det hadde vore litt vanskeleg utan.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...