søndag, mars 03, 2024

Dagbok 2024: 3.mars

 


Klokka er no16.15, temperaturen ute er+ 10 grader. Det er fint ver, men ikkje så mykje sol, Det var sol i dag morgon, men så vart den borte.

Eg gjekk tur på Vernet på tidleg føremiddag, og i dag kunne eg gå heilt rundt for eg hadde med ein stav som eg kunne bruke der det enno låg litt snø og is att.

Då eg kom heim att laga eg ein tidleg middag  og så såg eg litt TV og strikka. Marit og eg gjekk også ein liten tur ned i Olavsgata, då var klokka ikke meir enn 14.15 så det var enno tidleg dag. Både Marit og eg vart låke i ryggen, enda eg hadde stav og ho hadde rullator å halde seg i. Vi vart samde om at vi ikkje er unge lenger, men det er litt vanskeleg å erkjenne.

Eg tok bilde i dag også, men fekk dei ikkje inn på PC-en, Så henta eg fram laptopen og ville sjå korleis det var der. Eg hugsar at Helge og eg styrte med den ein gong og trudde at alt var i orden, det var det ikkje. Eg ville ha laptopen og PC-en meir like så det skulle bli enklare. No er det heilt greitt å melde seg på til å oppdatere maskinene -det kan vanke betaling. Storemaskina er i orden -der er det berre bilda eg har problem med.

I morgon har eg heimedag, så då får eg sjå om eg kjem vidare med vår-reingjering. Vindua skulle t.d vore skikkeleg vaska på utsida. Og det er så mykje rusk og rot ute i hagen, eg veit ikkje om eg greier så mykje denne våren og sommaren, men kven veit?

Det er berre rot med bilda mine no, og verre blir det, så i dag har eg henta fram eit gammalt bilde for å minne om at den yngste av barnebarna fyller 14 år i morgon. Det er Audun som held Ingar heilt til venstre i bildet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...