lørdag, mars 23, 2024

Dagbok 2024: 23.mars

 

Klokka er no 16.13, temperaturen ute er + 10 grader C og det er opplett, men litt "nesten sol". Fint med andre ord. I dag gjekk eg tur på Vernet tidleg på dag, for då er eg lettast på foten. Elles har eg ikkje vore så flink i dag, hadde ikkje planlagt noko, og då blir det deretter. Men eg har bno pynta litt til påske, eg synest at eg nettopp hadde pynta til jul, så eg var ikkje heilt budd på påskepynt. Ikkje har eg så mykje heller men det vart no litt. Eg vaska kopar og messing ioppvaskmaskina i dag også, koparen vart fin, men messingen hadde blitt finare med handpuss.

Så laga eg meg litt middag då det leid på og så tok eg att sudokuen frå Møre-Nytt frå fredag.Dvs. eg tek den ut på maskina torsdag kveld. Eg har jobba med den fleire gonger og hadde så å seie gitt den opp, men så fann eg ein måte så eg GREIDDE den denne gongen også. DEt betyr mykje for meg at eg greier å løyse desse oppgåvene, då er no ikkje  hjernen heilt død. Trur eg.

Eg sit og lurer på om eg skal ta ein tur på butikken i dag også. Eg hadde no som ein slags storhandel i går, men det er alltid eit kvart ein saknar. Men eg trur det held. Det vart så fint ute no at eg lurer på å ta ein tur til i dag, eller eventuelt rydde i hagen. Her er heilt fritt for snø og is no, og dei blå blomstrane er i kjømda, dei kjem fort når dei først er i gang. Eg såg eit bilde på FB av ein bukett med epleblomster, så eg trur eg skal fare ned og klippe litt av epletreet og sette i vatn. Det KAN hende at det blir blomster av det.

I dag fyller Ingeborg 31 år- heilt utruleg at ho er blitt så "gammal". Ho har vore flink og har ei god utdanning no.Ho jobbar som lærar på ein barneskule i Oslo. Ho har vore i byen i mange år og jobba og studert på samme tid.





           Her er eit bilde av alle barnebarna, rett nok er det nokre år sidan.


Ingeborg

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...