lørdag, mars 16, 2024

Dagbok 2024: 16.mars

 Klokka er no 17.50; temperaturen ute er +4 grader C, men det har vore ein nydeleg dag med sol heile tida På føremiddagen var det litt kald vind men den gav seg. Elles har dagen gått litt for fort -eg har ikkje utretta så mykje. Det kjem av at det har vore sundag oppe i hovudet mitt heile dagen.

Eg hadde tenkt meg ein tur til Vik og kanskje gå på butikker og kafé, men så hadde ikkje Marit så lyst, og så hadde ikkje eg lyst heller. Eg tok heller å laga ei gulrotkake, og hadde den i frysaren, så står det berre att å få på glasuren. Eg reknar med at eg kan få besøk i påskeferien, så eg må ha litt å by eventuelle gjestar. Eg må nok lage litt meir etter kvar. Eg sette på ei panne med risgraut også, eg må bruke melka eg kjøper-og då blir det ofte til at eg kokar graut.

Så gjekk eg ein tur på Vernet i det fine veret, men eg trefte ikkje kjentfolk i dag. sikkert fordi det var laurdag og ikkje søndag som eg trur heile tida- Etter at eg hadde ete sette eg meg inn i godstolen og skulle sjå TV, men der var ikkje så mykje som eg var interessert i så eg måtte leite opp noko. Eg veit ikkje om eg sovna, men det er ikkje umuleg at eg var vekke ei stund.

Solveig har vore på hotellet her i dag. Det var årsmøte i Møre og Romsdal husflidslag

Ho skal vere her i morgon også, og då ville ho komme opp hit ein tur. Eg har så mykje fine blomster at det er for gale at eg går her mest åleine og ser på dei. Eg får framleis ikkje til å få bilde over på bloggen, men eg håper ein kvan kan finne ut av dette systemet mitt. Bilda ligg på maskina-eg får dei berre ikkje ut.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...