søndag, februar 18, 2024


Klokka er no 18.02, temperaturen ute er +4 grader- Det har vore opplett i dag, men ikkje noko særleg med sol. Eg stod ikkje tidleg opp og då eg var ferdig med frokosten, sette eg meg til å strikke og sjå TV.

Etter ei stund bestemte eg meg for å vaske og rydde i bokhylla på stova. Det er ein heil liten jobb, men godt å få gjort den ferdig. Så åt eg resten av ballen frå i går før eg gjorde meg klar til å gå tur.  Eg gjekk ein litt annan veg enn vanleg i dag,og då eg var komen opp på Storebakken stod der 4 personar og snakka med kvarandre og eg kjende alle 4 frå før. Tre av oss er faktisk nordfjordingar. Det var folk på min alder-og eldre.Den eldste hadde med rullatoren sin, og ho og eg gjekk i lag heimover(ho er 92 år). Elles har det ikkje hendt noko her i dag.

Komande veke er det vinterferie, men spansken tek ikkje ferie, og ikkje pensjonistlaget heller. Eg tenkte eg skulle prøve å få gjort noko i huset denne veka-har diverse planar om kva eg kan greie.

Som de ser på bilda er det enno mykje snø på tunet mitt, så eg går i piggsko.
 

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...