lørdag, oktober 28, 2023

Dagbok 2023: 28.oktober


Klokka er no17.30, temperaturen ute på trappa er +1 grad C.Men vi har hatt ein strålande dag, litt kaldt på morgonkvisten før sola kom, men ho varmar så godt opp inne i stova at det blir nesten for varmt. Men så slepp eg å kveike i omnen før det er nesten kveld

I dag hadde eg tenkt meg av garde og handle litt, mest matvarer, men eg hadde også ærend på ALTI. Marit ville vere med.

Men først var det dusj og hårvask og påkleding-litt annleis enn når eg berre går her heime åleine. Eg fekk melding frå Solveig at ho ville komme innom ei stund, mens Øystein hadde eit oppdrag i Volda. Solveig kom, og vi sat og prata heilt til Øystein kom att. 

Klokka 13.30 for Marit og eg til Vik, vi hadde ærend på ALTI, men handla mat på KIWI. Det var langt på dag før vi var heime igjen. Det var såpass seint at ev valde å gå ein tur på Vernet før eg laga med mat. Eg vil gå der kvar dag så lenge som det fine veret varer. I dag trefte eg ingen kjende.

I dag vart det grønsakmiddag, lenge sidan sist eg hadde det. Eg er ikkje så nøye på kva eg et, men passar på å få i meg sunn mat .

Bilda mine er like for kvar dag, men det er ikkje dei samme bilda. Eg får til å lage kvadratiske bilde, men eg får ikkje kutte der eg vil, derfor legg eg inn bilda så lange dei er.

Eg har begynt litt på spanskleksa i dag, ein treng nokre dagar før vi kan tekstane som vi skriv utan å sjå etter noko- men det er likt for alle på 80 +

Komande veke skal det vere pensjonistmøte på tysdag, spansk på onsdag og trening tysdag og torsdag. 

I natt blir det kjekt, då kan vi vere oppe til 12, så kan vi skrue klokka tilbake til 11 og vere oppe ein time til. Og i morgon kjem sola klokka 10 i staden for klokka11, men så misser vi sola tidlegare på ettermiddagen- så eg veit ikkje om det er så lurt. Dei fleste av oss ville vel hatt "sommartid" heile året.

Eg har oppdaga at der ikkje er spylervæske igjen på bilen min, eg trur eg har sorten,men eg må få einkven til å vise meg kvar eg skal helle den ned på

 Her er mange rundt meg som kan kunsten. Før i gamle dage måtte ein lære litt om bil, motor etc når ein skulle ta sertifikat. Eg har sertifikat, men veit ikkje ein gong korleis eg skal opne opp panseret.

No blir det kaffi, TV og strikketøy. Ser fram til Stjernekamp

God helg!


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...