søndag, juli 09, 2023

Dagbok 2023: 9.juli


17.32 og temperaturen ute er som den har vore i heile dag,+27 grader C, og eg sveittar som eg har gjort i heile dag, men eg nyt det, det er så godt å vere skikkeleg varm.Og så fint at sola skin.Det er kanskje siste dagen på ei stund. 

Eg har vore ute det meste av dagen. Etter morgonstell og frokost gjekk eg ein tur på Vernet, og etter at eg kom heim att sat eg oppe hos Marit på altanen hennar. På grunn av foten som ho skada kan ho ikkje gå mykje. Men ho har godt lesestoff i bøkene om dei seks søstrene, av Lucinda Riley; ho les dei på papir,eg las dei i lydbokversjon, det var ikkje akkurat litteratur etter min smak , men det er mange som likar bøkene.

Til middag i dag orka eg ikkje å lage noko, så det blei ein boks med makrell i tomat. Den SPICY vel å merke. Til dessert vart det både jordbær og is, så eg kan ikkje klage.

Eg greidde ikkje å halde fred heile dagen, så eg gjekk ut og rydda litt i hagen og så vatna eg heile tomta enda ein gong.

Ein ting er litt forkjært, og det er oppvaskmaskina mi. Den juksar med vasken, ikkje alt blir reint. Den var slik ein gong før også , men då fekk Helge den på rett kjøl igjen- . No ventar eg Rasmus og Co på tysdag kveld. Det kan no vere greit å ha han her om eg må bytte ut oppvaskmaskina. Det var ein gong før det traff slik til. 

Dette veret skal visst ikkje vare så lenge, eg får hugse på å sjå vermeldinga i kveld.




Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...