lørdag, juli 01, 2023

Dagbok 2023: 1.juli

Klokka er no16.55, temperaturen ute er+ 24 grader C, det er sol, men også skyer på himmelen. Det er fint og varmt , men ikkje for varmt.

Eg vakna tidleg i dag, som vanleg, og stod opp og såg ut, der var det overskya og regn, så det var berre å legge seg igjen og sove vidare. Andre gongen eg vakna var klokka 8, så då stod eg opp -til blå himmel utan ei sky- og sol ! Det var berre fantastisk, for det hadde regna i natt også. Eg hadde ikkje så mange planar for dagen, men eg måtte i alle fall på butikk. Eg surra no rundt ei stund før eg dusja og vaska håret, og rulla det opp. Mens håret tørka nytta eg høvet til å støvsuge teppegolva. 

Så køyrde eg ned på KIWI og handla det som stod på lappen min, og litt meir. I dag hadde dei friske jordbær til ca.60 kroner korga, men den fristelsen fall eg ikkje for. Eg køyrde heim og fekk på plass varene; og eit lite blomkålhovud som eg hadde kjøpt, kokte eg, før eg gjekk på Vernet. Når eg prøver å gå tur der kvar dag, er det ikkje berre for moro skuld. Eg har to kne som ikkje er heilt i orden, det er derfor eg går på trening, og det å gå tur er også trening på ein måte.

Etter turen sat eg oppe på altanen med Marit og heldt henne med selskap. Det går bra med kneet hennar, men enn så lenge må ho sitte mest i ro.

Etter ei stund kom Janne heim, og då gjekke eg heim og laga middag til meg sjølv. I dag vart det blomkålsuppe. Eg trudde eg skulle klart å ete alt, men der vart ein tallerk ståande att til kvelden.

Etter maten gjekk eg ein tur ned i hager og fann nokre få modne jordbær i åkeren, men der kjem meir!

Eg forstår liksom ikkje at vi er komne til juli månad. Våren og sommaren hittil har gått så altfor fort. Hadde kontakt med Rasmus på nettet i dag, han trur at dei kjem oppover neste sundag eller mandag.

Eg har hatt god arbeidslyst heile veka og har fått gjort mykje, men i dag er eg lat.

Naboen klipte plen i dag, men eg ventar til over helga. Plenen nedanfor huset veks godt og er mjuk å gå på, slik får det berre vere så lenge. Vi har hatt og har nydelige sommardagar.


I dag gjekk eg "feil" veg rundt på Vernet, på vegen på bildet gjekk eg mot vest i ein liten fin bris, som der nesten alltid er der oppe. Fjelltoppen midt på bilde er Helge-hornet.

På Åsmundmarka ligg der høyballar. Det er litt rart med denne dyrka marka , som har skog rundt seg på alle kantar.Eg hugsar korleis her såg ut før dei bygde Fonnvernet, for då gjekk eg ofte opp i skogen her. Ingenting er til  kjenne att no.

 Trur eg gløymde å skrive GOD HELG i går så no skriv eg det i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...