Klokka er no 16.50, det er +5 grader ute og litt vind, så det er ikkje godt å vite kva som kan kome av nedbør, til dømes. Eg eg veldig glad for kvar einaste varmegrad, no har eg nettopp fyrt i omnen for første gong i dag. Eg har klart meg med varmepumpa til denne tid, for no virkar den. Eg hadde no tenkt å få gjort litt husarbeid i dag, men det vart ikkje så mykje som eg hadde tenkt. Men eg fekk i alle fall stroke juledukane som eg vaska i går, og fekk dei på plass igjen, litt anna "julepynt" var også borte, men det meste er att.
Eg følte at eg trong litt mosjon, så eg gjekk ein tur med piggsko på føtene. Eg gjekk opp Storebakken og ned att Fonnavegen til Olavsgata, heile Olavsgata til ende og så opp og inn att Starevegen. Eg synest eg blir trøtt i føtene når eg går på piggsko, men det er trygt og godt. Eg datt ikkje før eg kom heim att og skulle kike opp i postkassa, men der var snø og lett å komme seg opp att.
Til middag i dag vart det restar frå i går. Eg dreiv forresten på å rydda litt i frysaren på kjøkkenet i dag morgon. Eg har mange fuglar som kjem og får mat kvar dag. Heilt sidan eg vart her åleine har eg hatt ein svarttrost-hann som har fått mat, så vart det to av samme sort, både Torbjørn og eg mata dei, men i år var dei blitt tre og til slutt 4. Dei sit ofte nede i epletreet mitt og passar på om eg kjem ut med noko. Men i dag oppdaga eg at skjora også var der og ho tok ikkje berre smular. Eg trur faktisk ho hamstra. Men eg vart i alle fall av med brød som eg ikkje likte.
Etter at eg hadde ete middag vart eg så trøtt at eg sovna visst litt i stolen der eg sat og skulle lese. Som de ser skjer det ikkje all verda når eg er her heime åleine. I morgon er det trening igjen, og så er veka snart slutt. Eg kjeder meg aldri, sjølv om eg er åleine, eg har alltid noko å styre med, no for tida blir det mykje TV og strikking.
.jpg)
.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar