lørdag, desember 03, 2022
Bok nr. 39 2022: Den lange hvite skyens land
No har eg lese ferdig denne boka på Storytel. Eg har lese boka før,for mange år sidan, og då likte eg den veldig godt, og venta på neste bok i serien. Men det varte og det rakk..... No var neste boka også komen, men eg hadde gløymt heile greia , så eg måtte lese opp att nr. 1. Og eg hugsa ingen ting, absolutt ingen ting frå boka som eg hadde likt så godt. Eg likte den ikkje SÅ godt no. Det mest interessante er at hendinga er lagt til New Zealand, eit område på jord som eg veit lite og ingen ting om- Å bli litt betre orientert om landet, var det eg denne gongen syntest var mest interessant. Eg skal sjå om eg finn neste boka på Storytel, så kan det hende eg les den også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17. juli
Klokka er no 19.50, t3mperaturen ute er +14 grader C, og no skin sola, det varte og rakk før ho kom fram i dag. I dag hadde eg mykje eg skul...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar