fredag, august 26, 2022

Dagbok 2022: 26.august

 


Klokka er no ca. 20,30, temperaturen er + 15 grader og det har vore ei og anna regnbye i dag. I dag har eg ikkje hatt "takmannen" her, han kjem i morgon i staden..

Eg tok fredagsvasken tidleg på dag, og etterpå greidde eg å komme i land med SUDOKUEN som eg måtte gi opp i går kveld. Hadde ikkje noko meir på programmet i dag, så då var det veldig kjekt at Solveig sende melding om at ho ville ta seg ein tur innover. Ho kom kl.18, og reiste nettopp no.

Det har vore såpass vått i dag at det frista ikkje å gjere hagearbeid sjølv om eg har mykje som står på vent. Det er mykje som er forseinka i år, somme roser er ikkje komne i gang med bløminga enno, og den mørkeblå klematisen er berre så vidt i gang .

Ja, det har vore ein rar sommar-kan nesten ikkje hugse at det har vore så våte somrar før.

I morgon må er ta ein handlerunde, trur eg, viss eg kjem meg i gang. Tenkte at eg kanskje skulle ta ein tur bort i Furene, på Plantasjen og Coop.

Det er komande onsdag vi skal på pensjonisttur, så kanskje eg må kjøpe noko nytt og ha på meg? Eg veit ikkje, eg er litt sein i avtrekket når det gjeld å kjøpe klede og sko t.d.

Det er fredags kveld og eg vil ønske alle ei fin helg.


Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...