fredag, august 12, 2022

Dagbok 2022: 12.august

 


Klokka er no 17.05, temperaturen ute er + 18 grader , det er lettskya og litt sol, så det kanne minne om sommar. 

Eg hadde ikkje planlagt noko for dagen, så eg for her berre og surra litt på føremiddagen. Marit var ein tur ned med kattamat sidan eg skal passe Lollo.Etter at ho hadde gått opp att, sette eg meg ut og klipte stikkelsbærbuska og plukka bær. Så gjekk inn att og rensa bæra, dvs. klipte dei i begge endar, mens eg høyrde lydbok. Då eg såg på klokka var den nesten 14.30, eg fekk nesten sjokk. Men eg forstod no det at eg måtte ta meg litt mat. 

Så gjekk eg ut og klipte plenen rundt huset, det var 14 dagar sidan sist eg klipte, og elles plar eg klippe kvar veke. Så graset var langt og vått og tungt å klippe, og eg ser ikkje bort frå at eg må fare over ein gong til. Men det minka på bensinen min, så eg får vente til i morgon, då kan eg fare på bensinstasjonen først best. Eg har to 5-liters-kanner som eg fyller opp. Eg plar seie at eg brukar meir bensin på klipparen enn på bilen.

Splveig nabo var også ute og jobba, så eg fekk no prate litt med henne. Eg har ikkje vore på butikk i dag, men eg får handle i same rennet når eg kjøper bensin. Som de ser har eg planen klar. Eg kunne ha gått ein tur i dag, men eg blir fortare trøtt enn før-det er vel alderen som tyngjer.

No vonar eg at vi får nokre fine dagar, for det treng vi. Eg ønsker alle ei god helg!



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...