onsdag, juli 06, 2022

Dagbok 2022: 6.juli


 Klokka er no 18.05, temperaturen ute er + 13 grader og det har regna i heile dag. Eg har måtte sette diverse plantar under tak, men prestekragane i kjøkkenkassene har det godt, dei er under tak.

Sidan det ikkje var råd å gjere noko ute i dag, fekk eg unna ein del småjobbar inne i huset. Det var i grunnen bra, men eg treng ikkje fleire slike dagar. Eg er stort sett "utearbeidande" om sommaren, Skal eg finne noko som er positivt, må det vere at eg slepp å vatne.

I dag laga eg grønsaksuppe med pølse til middag, det er ein rett eg vanlegvis et om vinteren. Eg var bra i foten i dag så eg fekk unna dei jobbane eg hadde tenkt. Så sette eg meg til å sjå TV og strikke litt.

Eg hadde laga meg ei liste og ville handle liitt på butikken.Eg skulle bøye meg ned å knyte skoreima på venstrefoten, og då kom smertene, eg trur det er ein forstrekt muskel på baksida av kneetsom gjer at eg er låk i den foten. På butikken har eg vogna å halde meg i, så det går bra, og då eg var komen heim att var det ikkje så låkt lenger.

Eg håper Margrete og dei ho har med seg har det bra i Sula, eg trur kanskje veret er litt lettare der. Håper det i alle fall

Her er dei alle -Margrete har tatt bildet. Dei skulle no ha                                    genserar nok i alle fall,viss dei har dei med seg. Det er                                        Amanda, Erlend, Ingrid, Eirik og Martin.Det er obligatorisk kvart år å ta bilde attmed skiltet som viser veg til Trovågen.




Det blir litt lange dagar når eg går her åleine og ikkje skal på noko, eller er ute i hagen.Men eg trivst no bra åleine også.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...