fredag, juli 01, 2022

Dagbok 2022: 1.juli

 


Klokka er no 18.15, temperaturen på trappa er + 24 grader, det er nokså skya, men det var sol før i dag.

Sist natt sov eg ikkje så godt, så eg tok det litt med ro først på dag, men eg fekk no unna fredagsvasken og vel så det. Då eg var ferdig å vaske, høyrde eg siste delen av lyboka som eg har lese siste dagane.

Då var det tid for middag og eg åt resten av spagettien frå i går. Så skulle eg slappe av med litt TV, og der ramla eg borti "Stjernekamp" frå det året Maria Mittet og Trine Rein stod att til slutt og Maria vann. Det hugsar eg faktisk. Det dei sende i dag var Opera. Og der vart eg sittande, til eg kom på at eg skulle ta inn kleda eg vaska i går, og stryke noko av dei. Så gjekk eg ut og vatna bedda ved garasjen, det kjem vel regn, men der var veldig tørt no.

Eg er ikkje så veldig arbeidsom for tida, for både ryggen og foten plagar meg, men ikkje verre enn at eg kan styre med noko. Naboen rett over vegen jobbar med taket sitt og han ved sidan av har bytta vindua på stova i dag. 

Eg går rundt og ser på plantane mine, men eg har ikkje fått gjort så mykje i hagen til denne tid, anna enn å klippe plenen.

Planten som de ser bilde av øvst på dette innlegget er ein japansk plante. Marit og eg kjøpte kvar sin fordi den hadde så fine fargar.

Klatrerosa ved kjellardøra blomstrar i år. Vanlegvis klipper eg den ned så den ikkje får sjansen til å blomstre.

Denne gule potterosa fekk eg av Einar til 81-årsdagen, eg planta den ut då den hadde slutta å blomstre. No har den vakse seg stor og der er mange blomsterknoppar . Den ser litt ruskete ut enno, men eg trur den kan bli bra-
Eg har enda ei potterose, ei raud som stod på grava i fjor. Den ser fin ut, men har ikkje kome med blomst enno.
Det er vel og bra å kjøpe nye fine plantar, men eg synest det er meir spennande med dei som "kjem att".

Fredagskveld er ikkje det samme no som den tida ein var i jobb, men no har vel mange i familien ferie, så då er det "Lørdag hele uken" som vi song i min grønne ungdom.  Solveig er i Sverige, Rasmus er i Egypt og sundag reiser Margrete med fam. til Solund. Eg ser fram til at Rasmus og familien kjem hit i år. I fjor ferierte vi i lag i Solund.

No ønsker eg alle ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...