tirsdag, april 20, 2021
Dagbok 2021: 20.april
Klokka er no 16.30, temperaturen er + 8 grader og no er det overskya og regn-igjen. I dag var Marit og eg på trening, og så var vi både på ALTI og på Spar og handla etterpå. Vi brukar maske når vi er i butikkane. Då vi kom heim kom Linda og sa at det var eit par som ville sjå på leilegheita. Ho meinte dei var studentar. Dei kom som avtalt kl.15.30, og det viste seg at ho var spansk og han frå Litauen. Ho skulle jobbe som miljøterapeut i Volda, og han skulle vere sjåfør på Westre bakeri. Dei var først nede og såg på leilegheita og så kom dei opp hit. Ho snakka litt norsk, men det var veldig vanskeleg å forstå. Han snakka vel berre litauisk. Dei skulle gi beskjed til Linda i kveld om dei ville ha leilegheita. Linda kom opp hit etterpå, og vi diskuterte mulegheita for å avslå om dei takka ja. Det er ikkje så enkelt. Linda hadde snakka engelsk med dei, det hadde gått bra.
Eg laga ikkje middag i dag, men åt resten av suppa frå i går + ei brødskive. Eg har gjort diverse forsøk på å lese ut lydboka mi, men det har vore diverse avbrot. Elles har eg ikkje gjort noko som helst.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar