lørdag, desember 05, 2020

Dagbok 2020: 5.desember.

Klokka er no 17.00, temperaturen så vidt over 0, og det har vore ein nydeleg dag med sol i fjella. Men dagane er korte og kveldane lange for tida. Det er fint å ha slikt ver i desember månad. I dag tok eg fredagsvasken som eg hoppa over i går. Den var som vanleg for gjort. Så tok eg ein tur på butikken og handla litt ymse. Då eg kom hem att var det så fint at eg heiv på meg Hoka-skorne mine og tok ein runde på Vernet. Det er kjekkare å gå der no når eg får gå rette vegen. Etter at eg hadde rydda på plass varer, sett på vaskemaskina etc. åt eg resten av suppa frå i går, det var meir enn nok i dag også. Eg ville fyre i omnen , men bala litt for å få fyr. Eg skal ta meg ein tørn og hogge småved, eg har både øks og stabbe inne i garasjen, men eg må køyre ut bilen, så ikkje den blir skada. Marit kom nedom ein tur og såg TV med meg, dvs. ein serie som ho ikkje har fått med seg alle episodane av. Eg ser i lag med henne for det er ikkje alt eg hugsar.No skal eg koke meg litt kaffi og drikke den med litt godt attåt. Det blir ikkje bakt så mykje med meg til jul, i alle fall ikkje småkaker. Der kjøper eg heller det eg vil ha, men eg skulle ønske at eg kunne lage lefser-eg har takke.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...