tirsdag, oktober 22, 2019

Dagbok 2019: 22.oktober

Klokka er 16.20, temperaturen er + 8 grader C, det er meir og mindre vind og regn ute, og ganske kaldt. Ja, no blir det vel ikkje fleire av dei nydelege solskinsdagane, men vi får vere glade for dei vi fekk. Stort sett har vi vel hatt ein fin haust.
Sist natt sov eg lite og dårleg. Slik er det ofte når eg "skal på noko" om morgonen. Eg forstår det ikkje sjølv, for eg har vekkerklokke og forsøv meg aldri- og om eg skulle gjere det, så betyr det ikkje all verda. Men det som var litt verre, var at eg var dårleg i magen og uvel. Det er heller ikkje farleg, det er berre ei påminning om at eg må ta ein liten pause frå tablettane mine. Legen seier at eg kan ta dei så lenge eg ikkje blir dårleg i magen, så det gjer eg.
Fekk litt andre øvingar på trening i dag, vil ikkje ha noko belastande for armane, så eg fekk nokre andre øvingar i staden. det er no knea eg går der for, det andre er slikt vi kjem fram til.
Dei som kom då eg gjekk kunne fortelje at dei hadde fått melding på telefonen at det skulle vere straumutkopling på Vallabøen. Eg har ikkje fått slik melding. Og då eg kom heim var eg glad for at her var både lys og varme.
Som sagt var eg ikkje i form, så eg sette meg til å sjå eit TV-program som eg hadde tatt opp-men så fór faktisk straumen, og eg hadde ikkje ved inne ein gong, så eg måtte i tilbygg og garasje for å finne noko brennbart. Etter kvart vart det varmt og godt. Og då fekk eg eit streif av energi, så då eg hadde sett ferdig TV-programmet laga eg middag til meg sjølv. I dag vart det "Pasta carbonara", og eg løyvde såpass mykje at eg har til ein liten middag i morgon også.
No skal eg prøve å ta meg saman og rydde litt i huset, det trengst.
I går sende eg ei melding til Rasmus, og i dag fekk eg svar. Då var han om bord i båten til Kiel. Han var der i lag med lærarar frå andre fagskular for å lage eksamensoppgåver. Og som kjent gjer ein det best til sjøs.
Marit sender meldingar frå Spania kvar dag. I dag var der verken varmt eller fint, det var regn og vind der nede også.
I morgon begynner dei vaksineringa på Bakk-Ola-marka, men dei skal halde på neste onsdag også, og då er Marit komen heim att, så vi kan gå i lag, slik som i fjor. Eg er på mine gamle dagar blitt ein forkjempar for vaksinasjon.. Eg var 76 år første gongen eg tok vaksine, men no tenker eg annleis enn før. No tenker eg som så "at til fleire som vaksinerer seg, til mindre blir epidemien". Eg tek altså ikkje vaksinen berre for min eigen del.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...