lørdag, juni 01, 2019

Dagbok 2019 - 1.juni

Klokka er 20.15, temperaturen er + 11 grader og det har vor opplett i dag, så vidt eg veit.
Eg var ikkje så grytidleg oppe i dag, så det vart ikkje så veldig lang føremiddag. Eg rakk å vaske håret og sette på ei vaskemaskin, etter at eg var ferdig med frokost, sudoku etc. 
Eg henta barndomsvenninna Vesla på hotellet halv eitt og køyrde henne ned att litt før klokka 20. Vi hadde veldig mykje å snakke om både frå notida og fortida, og vi slapp ikkje opp for tema. Eg serverte kake og kaffi, men hadde eg visst at ho hadde så god tid, skulle eg ha laga middag. Litt for seint å tenke på det no.
Mannen hennar, Bjarte, er på jubileum i Volda. Men ho hadde med ei flott bok som han har laga. Han har skrive mange bøker, mellom anna ein serie frå vikingtida, men no har han  begynt å skrive krim, fortalde ho. Den boka eg fekk var sikkert eit betre val. Den er skikkeleg fin. Elles har eg fått oppdatering på barna og barnebarna hennar. Det seier seg sjølv at eg har ikkje opplevd så mykje anna i dag. Og eg har mykje å fordøye. Det var så vidt eg kjende henne att, og ho kjende ikkje meg heller med det samme. Så det gjekk opp i opp. No skal eg sjå til vaskemaskina, og så skal eg slappe av framfor TV-en.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...