onsdag, februar 27, 2019

Dagbok 2019- 27.februar


Kongsberggutane på vinterferie i Danmark

Klokka er 18.50, temperaturen er + 4 grader og det regnar-fint vêr å vere inne i !
I dag vakna eg grytidleg og verkte i knea, hofta og ryggen, prøvde å sove vidare, men det gjekk ikkje. Humøret var ikkje på topp då eg stod opp, men eg kom meg forbausande fort når eg begynte å lede på meg. Eg hadde god tid, sidan ho som skulle frakte meg i dag ikkje skulle kome før 10.30. Eg åt frokost, dusja og vaska håret og kledde på meg litt betre klede enn dei eg går med her heime. Eg såg at eg fekk tid til eit par "rundar" på strikkepinnen  før eg skulle fare.
Kirstin kom som avtalt, eller litt før, og så var det spanskkurs. Det var kjekt som vanleg. Ingen tek seg sjølv så høgtidleg at det blir flaut å svare feil. Vi ler av oss sjølve og av kvarandre-utan at nokon blir sure for det.
Vi hadde lang pause i kafeen, og der vart eit soll utan like, så tinnitusen min løp løpsk - og har gjort det sidan. Eg var heilt svimmel då eg skulle lese årsmeldinga frå scenekanten i kveld.
Men først var eg heimom ein tur og slappa av litt-med eit par rundar til på strikkepinnen. Eg kjem til å bruke opp garnet i løpet av kvelden-så då blir rådyra gode. 
Kirstin kom og køyrde meg til pensjonistmøtet, ho hadde eit anna ærend i Vik.
Årsmøta er ikkje dei kjekkaste møta, men til slutt var Børre der og song mange fine, kjende songar frå 1960-talet. Sjølv er han fødd i 1958, så han begynner å bli vaksen, han også. Han er ein flink trubadur!
Det var val på nytt styre, somme gjekk ut og andre kom inn. Eg vart attvald. Eg hadde visst sagt ja til det? Kanskje det? Eg hadde i alle fall ikkje sagt nei. Så no går eg inn i mitt niande år som sekretær.
Eli og Terje frakta meg heim. Marit brukar å køyre oss begge, men no er ho sjuk. Eg må vel snart til å køyre sjølv. Har meldt meg på 65+ måndag og fredag neste veke. Også det i regi av Pensjonistlaget.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...