Klokka er no 18.45, temperaturen ute er + 1 grad, men då eg var ute på trappa og sjekka såg eg at det hadde snødd eller sludda aldri så lite. Eg ønsker meg berre vegar.
I dag har eg vore heilt åleine heime heile dagen, noko eg for så vidt ikkje har noko imot. Blant anna fekk eg lese ut ei heil bok på føremiddagen.
Seinare begynte eg så smått på Margrete sin genser, men det vert alltid litt plunder i oppstarten, så eg måtte rekke opp litt denne gongen også. Eg trøystar meg med at eg plar komme i mål til slutt.
I går kveld sovna eg ganske raskt etter at eg la i 1-tida. Låg og las ei lita stund før eg sovna, men vakna frisk og opplagt klokka----3. Men så sov eg vidare til klokka 6. Då la eg meg til å lese, før eg sovna enda ein gong og vakna i skapleg tid. Når eg skriv så mykje om soving er det fordi eg har problem med å sove nok, 2-3 timar i døgnet er for lite!
Var litt snufsete og tett i nasa på morgonkvisten og no er eg litt sår i halsen. Det er mange sykjer ute og går så det ville ikkje vere så rart om eg fekk eit snev av noko.
I dag har eg stort sett gjort to ting: tømt oppvaskmaskina og fyrt i omnen.
Eg har ikkje mykje å skrive om, så då sluttar eg her og går inn for å sjå nyheitene, har ikkje hatt på verken radio eller TV i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar