mandag, februar 12, 2018

Dagbok 2018: 12.februar.

Denne vesle svartetrosten blei visst att då dei andre for mot sør. Han kjem på besøk kvar dag og får brødsmular og havregryn som eg legg på rekkverket.


Klokka er21.40 og det er eit kvarters tid sidan eg kom heim. Det er minus 2 grader C ute og det har kome nysnø.
Er tok ikkje sjansen på å vaspe i snø opp elvavegen i kveld så eg fylgde bilvegane på kryss og tvers og fekk såleis ein litt lengre tur. Eg har ikkje vore heilt god i armen min i dag eller skuldrane, så eg tenkte på at viss der var så mykje snø at det måtte mòkast fekk det vere til i morgon. Og så kom eg heim til ferdigmòka tun ! Det er vel ein av naboane som er syndaren, men han/ho må melde seg så eg får takka om ikkje anna. Det var veldig kjærkome akkurat i dag.
Eg var ikkje så effektiv på føremiddagen i dag. Vart gåande å vente på at Nils kanskje ville ringe og seie korleis det stod til. Men ingen ringde, så eg gjekk ut på Heimen litt tidlegare enn eg plar. Eg kan ikkje seie at Nils var i fin form, men han var rimeleg bra. På føremiddagen hadde han vore dårleg og verkt i ryggen. Så hadde han fått ein Oxycodone -tablett såpass han kom seg til.
Appetitten er ikkje slik som han var ei stund, men han et litt frukt som eg gir han, og han er ikkje avmagra. I dag var han såpass at han fekk barbert seg. Eg stiller som hjelpepleiar, så han får kanskje litt betre stell enn han elles ville ha fått. Eg hjelpte til med kveldsstellet, så han var klar for natta då eg gjekk. Han vil gjerne ha det slik, og han seier ifrå når han meiner eg kan gå. Det har eg sagt han skal gjere.
Eg har ikkje ete noko der ute i dag, men laga meg tomatsuppe med egg før eg gjekk heimanfrå. No skal eg ha meg ei brødskive, for MIN appetitt er det ikkje noko i vegen med.
Nils har alltid likt så godt å snakke i telefonen, men no har han så store problem med hørselen at det kan vere vanskeleg. Ein må snakke veldig høgt-så går det bra.







Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...