tirsdag, februar 06, 2018

Dagbok 2018: 6.februar: Samefolkets dag.

Klokka er 21.50,og temperaturen er minus 2 grader. I dag har det vore overskya, men opphaldsvêr. Eg gjekk frå Heimen klokka 21.15 i Kveld,  litt tidlegare enn vanleg sidan eg har vore vekke heile dagen.
Nils var i betre form i dag enn i går, så vi hadde det kjekt- i all enkelheit. Noko som er litt strevsomt er at Nils no høyrer veldig dårleg, så han må ha TV-en veldig høgt på. Før var det eg som var mest tunghøyrd. Dei har spyla øyrene hans fleire gonger utan at det han blitt betre, så det er vel noko anna som feilar. Viss nokon ringer til han, må dei vere klar over at dei må snakke veldig høgt.(Dette til orientering).
I dag gjekk eg heimanfrå før halv 12, skulle på styremøte på kulturhuset. Etter møtet gjekk eg ned på Amfi for å sjå om det var mulig å få klipt håret sitt. Eg slapp til med ein gong, og ei hyggelig ung dame klipte meg kort og godt. Håret mitt er etter kvart gammalt og tynt, så ingen kan utrette under med det.
På Bunnpris gjekk eg løs i salatbaren, plukka med meg både det eine og det andre og tok med meg. I tillegg kjøpte eg ein pakke druer. 

I Ørsta har vi no fire sportsforretningar, og i nummer tre fekk eg endeleg tak i ulltrøye til Nils. Han ligg i ulltrøyer dag og natt, så dei må skiftast ofte. Det gode med ull er at det går an å sveitte utan å bli klam. Det finst eit utal fine ulltrøyer for damer, for menn er utvalet mykje dårlegare, noko eg gjorde dei merksame på  i butikkane. Dei var einige med meg, og ville snakke med produsentane om det.
Salaten eg hadde kjøpt vart middagen min, mens Nils åt kjøtkaker - men druene ville han ha! Håper berre han ikkje blir dårleg i magen av dei. Eg hadde ikkje hjerte til å ta i frå han gleda, når det endeleg var noko som freista. NB: Eg åt min del av dei.
No svelt eg igjen, så eg må finne meg noko mat.
Eg er mykje betre i armen , så no har eg begynt å strikke igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...