lørdag, februar 03, 2018

Dagbok 2018: 3.februar.








Bilda er tatt i dag klokka 13.00. Då var det minus 1 grad C. No har vi sol så å seie heile dagen.


Klokka er 22.40, temperaturen er minus 2 grader, i dag tidleg då eg var ut og henta avisa var det minus 7. Eg trudde vi skulle ha sol heile dagen, men så skya det over. Då eg gjekk ut til Heimen litt før kl.15, var det overskya og 0 grader. Så det skiftar fort.
Eg hadde mange planar for denne dagen, men så fekk eg problem med høgre armen. Var mykje betre i dag enn eg var i går kveld, men eg fann ut at det var best å halde seg borte frå vask og strikking. Eg vart gåande her å småpusle til det var på tide å gå ut til Nils. Eg var der heile ettermiddagen og til klokka 22 i kveld. Han var i bra form, men ikkje så kvikk som i går. Håkon kom innom ein tur, han skulle ut i hamna og sjå etter båten. Olaug jr. ringde;  det er ikkje alltid Nils greier å prate så lenge, men han er glad for alle som gir eit livsteikn frå seg. I dag sov vi middag begge to, eg har med meg lydbok når eg går ut til han, men det ender ofte med at eg sovnar i godstolen. Og som vanleg trur eg det er sundag når det er laurdag, viss eg ikkje er på butikken ein tur.








Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...