fredag, februar 23, 2018

Dagbok 2018: 23.februar



Det første eg såg då eg kika ut kjøkenglaset i dag, var at ein av naboane heiste flagget på altanen. Eg forstod straks at det var ein rund dag på gang.

Klokka er no 22.40, temperaturen minus 2 grader og det har vore ein fin dag med sol og lette skyer.
Eg har ikkje utretta så mykje i dag, men fekk no av garde referatet til avisa om ikkje anna. Det vart litt husarbeid, men ikkje så mykje at eg sleit meg ut akkurat. Kokte ertersuppe frå pose til middag til meg sjølv. Sensasjonelt.
Då klokka var vel halv tre gjekk eg nedover til Heimen, men trefte så mange på turen at klokka nærma seg middagstid før eg var hos Nils. I dag fekk dei gryterett med potetstappe og grønsaker til. Det egna seg godt å ete for dei som får maten på senga. 
Nils var trøtt i dag, han hadde ikkje sove så godt sist natt, men han fekk seg ein god middagslur. Eg kvilte i stolen med lydbok på øyret og var vel vekke ei lita stund eg også. Har fått eit lite problem med høgre kneet no, men det hjelper å bevege seg. I åresvis verkte eg grassat i venstre hofta, men no har eg vore nesten heilt bra i to år, så eg vil ikkje ha noko meir tull. Når det gjeld Nils så er han relativt stabil, han er trøtt og slapp, somme gonger høyrer han bra, andre gonger ikkje. Men han får godt stell der han er, og eg er der så lenge han vil ha meg der. I kveld gjekk eg heim klokka 22, så eg var snar å skrive på bloggen. Det blir til at vi ser TV når eg er der, men det hadde vi vel gjort heime også. Det er heilt utruleg for meg, men i dag er det fredag igjen-så eg vil ønske alle ei fin helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...