søndag, februar 18, 2018

Dagbok 2018: 18.februar


Klokka er ca. 13.30, temperaturen er + 7 grader C og sola held på å bryte gjennom skylaget. 
Eg har vore "heime åleine" heile føremiddagen og prøvd å få gjort litt husarbeid. Har baka brød mellom anna. Eg har det med å kjøpe inn melk som eg aldri drikk, og då må eg bake. Dessutan går det med ein del brød når eg lever på brødmat heile tida.
Har også prøvd å få lese litt i lydboka mi og strikka. Vaska ei maskin med ulltrøyer osb. Nils brukar ulltrøyer heile døgnet, så dei må skiftast ofte, så eg har som regel med meg minst ei heim kvar kveld. Eg har ikkje høyrt frå Nils i dag, men skal gå utover i 15-tida. Eg synest det er så trist at han skal ligge inne på eit rom og ikkje kome seg ut no når dagane begynner å bli lengre og lysare.
Håkon vil komme ein tur i dag/kveld og det er no kjekt. Dessverre har ikkje Nils krefter til å ta imot så mykje besøk. Eg er ikkje "besøk" men meir som ei ekstra hjelpepleiar, så eg får vere der.
Eg er veldig trøtt i dag for eg sov dårleg sist natt-sikkert fordi eg sat og dorma i godstolen på Heimen.
I kveld kjem Ingeborg frå Oslo, og i morgon vil ho og Margrete besøke faren/morfaren.
No skal eg smake på det nybakte brødet før eg gjer meg klar til den daglege vandringa.


Klokka 20.45 + 2 grader C og regn/yr.
Eg kom heim litt tidlegare i kveld enn eg plar gjere. Nils var trøtt og slapp og ville helst sove, så han ville at eg skulle gå heim. Han hadde verkt i foten i dag, så han hadde fått ein tablett ekstra, noko som gjer han sløv. Men han har valet-anten vere sløv, eller å verke. Og både han og vi andre meiner det er det viktigaste at han ikkje har det vondt.
Vi fekk kaffi og kake ei stund etter at eg kom ut, og så var det middagslur. Eg sov berre litt, og han sov heller ikkje så lenge. I dag høyrde han betre enn han plar-i alle fall ei stund, og han var rimeleg bra oppdatert på OL. Vi såg litt på TV-men han blir sliten av det også. Håkon kom innom ein tur, og det var no kjekt. Særleg når han snakkar om å fiske.
Ingeborg ringde, men Nils ville ikkje snakke med henne sidan han høyrer så dårleg, så det er eg som tek telefonen hans når nokon ringer.
Eg hjelpte til med litt kveldsstell og fekk kveldstablettane ein time tidlegare, slik at dei skulle sleppe å forstyrre han etter at eg hadde gått. Eg snakka med sjukepleiaren og sa korleis det var. Eg skulle no gjerne vore der lenger, men ikkje for å trøtte han meir ut.
No skal eg ha meg ei brødskive eller to av brødet eg bakte før i dag.. Eg synest det er heilt greitt å vere heime åleine om kvelden etter at eg har vore på Heimen. Det blir vel TV og strikketøy.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...