mandag, mai 29, 2017

Dagbok 2017: 29.mai

Unnskyld, Amanda, at eg kjem med dette bildet på bloggen, og det på 17-årsdagen din. Men det er favorittbildet mitt -av deg. Tatt ein glovarm sommardag i 2002. Du er så varm at du er heilt utslått -bokstavleg talt.
Gratulerer med dagen i dag!

Klokka er no 20.40, temperaturen er no + 15 grader, det har vore lettskya, men opplett og ein god del sol i dag. Ikkje så varmt som før helga, men det er sommar! Sist natt regna det, og det var heilt perfekt; regn om natta, sol om dagen, slik skal det vere.
Nils var heldigvis betre i dag enn i går morgon, men han blir litt utafor ei stund etter at han har fått alle tablettane sine, så i dag gjorde han som eg sa, la seg nedpå ei stund til han kom seg til att.
Mens han låg og kvilte gjorde eg hagearbeid, men det vart ikkje så mykje gjort i dag. Elles er det vanleg husarbeid som tek ein del av tida mi. Til all lukke et Nils bra, berre han får rette sorten mat. I dag vart det svinekotelettar i brun saus, kanskje ikkje gourmet-mat, men berre det er rikeleg saus på, så glir det ned. Etter at HOB 2 hadde vore her klokka 16, dusja eg og vaska håret og var akkurat klar til Solveig kom. Ho hadde køyrt Øystein på flyplassen. Margrete og alle dei tre heimeverande barna hadde vore på pizzarestaurant og kom opp hit etterpå, som avtalt, dei kom fem minutt etter Solveig. Solveig hadde med seg rabarbrakake og eg hadde is og brus og KAFFI. Så feira vi at Amanda fyller 17 år i dag.
Etter at Margrete &Co var reiste, var Solveig og eg på handlerunde, Eirik var att hos Nils for han hadde sin eigen bil og det var fotball på TV. Vi var på apoteket og på Plantasjen blant anna. Skulle handle blomster til krukker og kasser, men utvalet var ikkje etter min smak. Kjøpte litt gjødsel, men då eg ville kjøpe mold meinte Solveig at den var altfor dyr. Mykje billegare på Coop, sa ho, og det stemte, så då kjøpte vi molda der. Godt å ha med seg prismedvitne folk når ein handlar! HOB-en som kom klokka 20, anbefalte gartnaren frå Urke, og det er han vi har handla med før. Men han er her berre på dagtid. Det blir vel ei råd.

Amanda 17.mai 2017


2 kommentarer:

solveig sa...

Eg fekk rett og slett prissjokk på Plantasjen. Der var mykje dyrare enn på Kvalsund gartneri på Nerlandsøya. Kvaliteten på sommarblomstrane kunne heller ikkje samanliknast!
Ein får støtte fagfolk, anten dei kjem frå Urke eller andre stader.

Besta sa...

Heilt enig. Turen til Plantasjen vart ikkje som forventa.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...