torsdag, januar 26, 2017

Dagbok 2017: 26.januar

Klokka er no 17.15, og eg har nettopp tatt bilde av kveldshimmelen frå altanen, eit mot vest og eitt mot aust. Når det eine vert så mykje mørkare enn det andre, er det fordi eg siktar mot himmelen, mens blitzen slår seg på mot aust. No er det i ferd med å mørkne ute, men vi har hatt ein fin dag, sola kom til oss to gonger, ho var vekke bak Melshornet ei god stund. I går kveld/natt då vi skulle legge oss, var det +11 grader C, så mildt at eg sette opp dører og glas og fekk lufta godt ut før natta.
No er det ca + 8 grader ute, men eg trur det kjem til å bli kaldare utover kvelden, sidan det er så klårt og sidan det tross alt er januar.
I dag hadde eg sett mobilen på vekking klokka 9.30 for sikkerheits skuld. Eg vakna sjølvsagt lenge før det, men sovna attpå. Eg ville opp i god tid og få unna morgonstell og frokost før heimesjukepleiaren kom. Ho kom klokka 11.00 som avtalt. Det var ei vaksen dame, frå Selje. Det er stadig nye folk som kjem innom, men det får vi venje oss til. Ho hjelpte Nils så han fekk dusje og vaske håret sitt og få på seg reine klede. Han var ikkje heilt i form i dag, hadde nok vakna for tidleg, trur eg. Mens ho vaska Nils, tok eg og vaska stuevindua utvendig, men mopp og Zalovatn, skylte med reint vatn. No ser vi i alle fall gjennom glasa, og så skal eg finpusse ein annan dag.
Nils måtte legge seg nedpå etter at heimesjukepleiaren hadde gått, han tok seg ei flaske med styrkedrikk først. Dermed rauk skjemaveldet i dag. Ikkje uventa. Men eg laga middag mens han kvilte, det vart ovnsbakt laks med poteter, gulrot og hollandaise -saus. Han åt opp det eg laga til på tallerken hans, og så fekk han dessert, det var mandelkjernepudding med rørte jordbær, for tredje dag på rad. Ein puddingpakke varer lenge til ein person. Eg avstod frå dessert, men åt meir laks enn han. Litt vanskeleg når ein av oss skal opp i vekt og den andre ned. Etter middagen sovna han i stolen sin, og då han så vakna var han i betre form. Då fekk han kaffi og småkaker+ jordbærsmoothie. Som de skjønar går eg opp i rolla som sjukepassar-særleg når det gjeld mat. Men det gjer eg med glede. Men det er ikkje kjekt å lage mat til folk som ikkje vil ete. Når det gjeld middagsmat, får han to eller tre rettar å velje mellom. Og det han har valt må han ete.
Tenkte at eg kanskje skulle ta ein tur på butikken i dag, men utset det til i morgon. Ingen må stresse med meg og handlinga mi, eg får alt eg treng eit lite steinkast unna-eller eg kan slå meg i lag med naboar som skal nedover uansett. Det blir mykje TV og strikketøy på ettermiddag- og kveldstid.



1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for bloggen, Olaug. Du er flink å skrive om kvardagen dykkar heime i Starevegen. Hels så mykje til Nils frå læresveinen..

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...