lørdag, august 06, 2016

Dagbok 2016: 6.august

Klokka er ca 20.00. Temperaturen ute er + 19 grader C og no er det lettskya og ganske fint ute, men i dag tidleg var det skodde i fjella. Likevel var det mange som kom seg på Sudehornet. Det har sikkert vore mykje liv i byen i dag, men vi har ikkje forlete hus og heim. Vi hadde tenkt oss ein tur nedover dersom Nils vart i form til det, og det vart han ikkje.
I dag skal eg ikkje skryte av alt eg har "gjort" for det er fint lite. Strikka litt f.m. og las ut boka mi. Ut på ettermiddagen plukka eg litt rips før eg laga sein middag. Det er ingen vits å lage middag før det går mot kveld. I dag steikte eg 6 store makrellfiletar, og eg vart stappmett av to, mens Nils åt tre. Håper berre han ikkje blir uvel av heile greia.
Eg har i heile dag følt på at det er sundag, det er vel litt derfor eg har tatt det så med ro, men eg merkar at energien uteblir når vêret er grått.
I dag reiser leigebuarane våre på ferie til heimlandet sitt, og i morgon reiser Solveig og Øystein til Sverige. Rasmus og fam. var også i nabolandet sist eg høyrde frå dei. Elles er det vel somme som kjem heim att frå turar etter kvart som skulestarten nærmar seg.
Vi fekk besøk av ein nabogut/mann som kom med nabovarsel, han skal bygge på huset sitt for å få større kjøkken. Så no blir det eit prosjekt å følgje med på.
Det er lite å sjå på TV-no blir det vel mykje sport framover sidan det er OL. Godt eg har nokre bøker på lager enno. Og strikkegarn. Og bær som skal plukkast. Og fisk som skal bli fiskekaker. Ja, eg har å sjå fram til. No skal eg begynne på ei ny bok, og ein ny lest er alt på beddingen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...