fredag, august 26, 2016

Dagbok 2016: 26.august

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 14 grader C og det har regna i heile dag.
Når vêret er slik misser eg heilt piffen, så i dag har eg "gjort" lite og ingenting. I tillegg har eg ei kjensle av at det er laurdag, kanskje fordi vi har vore nedover ein tur.
No har vi nettopp ete middag, og Nils ser fotballkamp. Eg har helde på å rippa bøker og strikka. Eg saknar å vere ute og "jobbe", men det kjem vel dagar etter desse.
Nils fekk brev frå legen sin i Ålesund i dag, han skal ikkje ha fleire behandlingar med det radioaktive stoffet, men vi skal ut på Åse i slutten av september å få vite kva som skal skje vidare. Eg kopierte brevet frå legen, og Nils leverte det på legesenteret, og i ettermiddag ringde fastlegen. Nils fekk time med han komande mandag, så blir det vel lagt opp ein strategi.
I alle fall er Nils i mykje betre form no, og når det lei på dag fekk han lyst på middag. I dag blei det pølser med poteter og surkål. Heldigvis har eg eit assortert matlager, så eg kan diske opp med det han vil ha.
Vi var altså nedover før middag i dag, for å levere brevet og for å hente siste Stålesen på biblio. Vi var begge inn på Amfi i dag, og etterpå var vi på Felleskjøpet og handla vaskepulver og toalettpapir. Eg kjøper store pakkar med OMO og då får eg ein rabattkupong, slik at eg får kvar 5.pakke gratis.
Elles har det ikkje skjedd mykje- og det er kanskje det beste. Eg har litt attelet for plommene, at dei skal sprekke i alt regnet. Eg likte godt sylta eg laga i går, den var sur og sterk i smaken. 1 kg sukker til 2,5 kg plommer-det kan hende at den yngre garde ikkje likar den, men eg har aversjon mot det meste som er søtt.
No skal eg felle av eit par restelester som eg har "spøta oppatte " (på gamle brot). Eg er veldig økonomisk på somme område.
Sidan det altså er fredag, og ikkje laurdag, vil eg ønske alle ei fin helg. Det er meldt litt betre vêr i morgon. Då skal vi på kafé etter at Eirik er ferdig på jobb.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...