tirsdag, august 23, 2016

Dagbok 2016: 23.august

Klokka er 19.30, temperaturen +20 grader C og vi har hatt enda ein nydeleg dag med sol og varme.
Ja, sjølv om denne sommaren har vore spesiell for oss, og ikkje så veldig god, så har i alle fall eg fått vore mykje ute og fått mykje god mosjon. Nils har hatt mange trasige dagar, men no er det verste over for denne gongen. Om han skal ha ei behandling til veit vi enno ikkje, men må han så tek han det på strak arm.
Sidan det er meldt regn i morgon og mange dagar framover måtte eg ta litt plenklipp i dag. Tok plenane opp mot vegen før middag, og så kom det fleire hyggelege naboar og slo av ein prat. Eg fekk ikkje begynne så tidleg med klippinga fordi det var mykje dogg i graset.
Det har vore lite middagsstyr med oss i det siste, Nils har ikkje hatt lyst på verken det eine eller det andre, i dag skulle vi ha steikt makrell, og det likar han. Men så fekk han brått lyst på Taco ! Og sidan eg hadde ingrediensar i hus, gjekk det ikkje lenge før maten var klar. Vi åt godt begge to.
(Nils vil gjerne ha mat med sterk smak for smaksansen fungerer ikkje som den skal.) Etterpå måtte vi ha ei kvilestund.
Sidan Nils var såpass at han kunne vere med ut og sette i gang bensinklipparen fekk eg klipt bio på heile skråninga etter middag. Så no får regnet berre kome. Skulle i grunnen klipt rundt huset også, men har klipt der to gonger i løpet av ei veke, så det får vere nok!
Så spylte vi alle klipparane, eg vaska hagemøblane og rydda opp rundt huset, for no ventar vi leigebuarane tilbake med det første !
I morgon skal vi ha styremøte i pensjonistlaget, så då lyt eg få tankane bort i litt anna enn gras. Det er kanskje bra? (Faktisk trur eg at alt hagearbeidet har gjort meg godt, men no kjenner eg tydelig i venstre hofta/foten at regnvêret er i kjømda. Trur eg skulle budd i ørkenen.)

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...