Klokka er 21.15. Temperaturen er + 17 grader C , og sola har nettopp gått ned .Det har vore ein nydelig dag, til tross for sid skodde om morgonen. Det varte ikkje så lenge før skodda var borte.
Dagane går fort når vêret er fort når eg kan vere mykje ute.
I dag starta eg med å vaske soverommet, og sidan eg hadde så godt grønsåpevatn vaska eg bad og kjøkken også.
Eg skulle ikkje klippe plen, i staden tok eg fram kompostkverna og mol opp greiner, bregner og anna som eg klipte bort. Det blir litt ryddigare i hagen for kvar dag, men blir det vêr til det, så har eg mykje meir å gjere.
Nils har ikkje vore like sprek i dag som i går, men han har i alle fall vore oppe. Ut på ettermiddagen tok vi ein tur nedover på biblioteket og på Amfi. Nils sat i bilen mens eg ordna opp med resten. No har har site og sett fotball på TV mens eg har rippa og strikka. Men i kveld begynner ein ny dansk serie som eg kanskje skal sjå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 16.juli
Klokka er no 20.35, desse sommardagane fyk av garde i stor fart- og snart er sommaren over, sånn føler eg det litt i dag -at tida går s...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar