mandag, august 01, 2016

Dagbok 2016: 1.august


Klokka er 20.00, temperaturen + 16 grader, det har vore overskya i heile dag, og no regnar det.
Eg har det for meg at eg skal "gjere noko" kvar dag, men i dag har det blitt heller lite. Det var ikkje behov for plenklipping og ikkje så mykje anna heller. Nils skulle ned og ta blodprøver, og eg ville vere med for å stikke innom biblioteket. Men sidan håret stod rett opp måtte eg vaske det først....og slik går no dagane.
Eg kom heim med 9 lydbøker i dag, om eg kjem til å lese alle står att å sjå. Fleire av dei var veldig korte, så eg er alt halvvegs i den første. Eg høyrer lydbok mens eg rippar-ja, og så strikkar eg. Kjøpte meg lestegarn i dag for å ha noko å henge fingrane i.
Kjell Røv kom med makrell i dag, så eg kokte dei før vi for nedover. Nils hadde faktisk lyst på kald, kokt makrell i dag, og det fekk han.
Vi var ein tur bort til Lefdal. Eg har rota vekk det arket eg fekk då eg kjøpte datamaskina, så eg fekk eit nytt eksemplar. Stakk innom Plantasjen og kjøpte ein orkidé også. Likar orkidear, dei står lenge og dei drysser ikkje.
Har litt problem med rippinga på den nye maskina, men eg plar få det til når eg har feila nokre gonger. Eg får rippe litt til før eg tek kvelden.
I morgon skal eg på kafé med ei veninne.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...